Skaparverket, Stavanger Videos

Videos by Skaparverket in Stavanger. Draumen vår er at du skal lukkast med å skape eit grønare innemiljø. Ta kontakt - so avtalar me tid.

Click to enable sound Next

Other Skaparverket videos

🌿Planteveggar - enkelt, frodig og livgjevande😊🌿💚

Inngangsparti med mose og naturstein - nydeleg🌿😊

🍃I dag er det siste dag før me har sommar lukka butikk fram til 7. august. Har du spørsmål, eller ynskje å bestille noko i denne perioda, er det berre å kontakt på telefon eller e-post. Sommartips☀️ 🍃Plantene er i vekst i sommarhalvåret, så gi dei næring, gjerne annankvar veke. Følg doseringa, men for kaktus og sukkulentar kan den halverast. 🍃Auk vattenmengda og kanskje og frekvensen på vatninga, dette vil dog avhenge av temperatur i rommet og lysforholda. I tillegg vil planter med tjukke blad oftast trenge mindre vatten enn dei med tynnare blad. 🍃Plantene elsker lys! Men pass på når sommarsola skin midt på dagen at du enten skjermer dei , eller trekk dei vekk frå direkte sollys. 🍃Nokon av dei grøne inneplantene vil trivast på balkongen og i hagen på sommaren. La dei få venne seg til å være ute gradvis, både i forhold til temperatur og sollys. 🍃Gi plantene litt ekstra sommarservice når været er godt. Ta dei ut og sjå etter om nokon treng større potter eller påfyll av ny jord/plantemedie. Ta vekk visne eller misfarga blad, tørk av blada og spray eller dusj over dei med lunka vatten. 🍃Skal du på ferie, kan du samle plantene dine på ein stad litt inn i rommet, der sollyset ikkje når dei. Skobrett er supre til å sette dei på. Vatne dei godt, og set dei saman så dreg dei og nytte av luftfuktigheita frå kvarandre. 🍃Skal du være vekke i ei lengre periode, avtal med nokon rundt deg😊 🌱🌼

🍃 No er der god vekst, so hugs på å gi næring og sjå til om dei plantene som står i små potter eller har stått lenge i same potte, treng ompotting😀 #skapeitgrønareinnemiljø #skaparverket

🍃Me er so stolte over å få være Skogluft sin representant av plantevegger i Stavanger🍃

🍃 Me har stengt frå i dag, onsdag, og opnar igjen tysdag 11. april kl 11.00. Ynskjer deg gode og solfylte påskedagar🐣🍃

🌿For eit blikkfang ei plante kan være! 💚 Denne nydelege Aglaonemaen med sortsnavnet ‘Cocomelon’ kjem frå dei tropiske områda i Syd-Asia. Her veks den i skyggen av større trær🌿. Aglaonema er generelt ei plante som trivast meir inntrekt i romet, der sollyset ikkje når den. Men ‘Cocomelon’ med sine lyse rosa/grøne blad, kan godt stå noko lysare, dog ikkje i direkte sollys.🌿

🍃Velkommen til grøne samlingar hos oss i februar og mars. 🍃 Meir informasjon og påmelding på heimesida vår:https://skaparverket.com/aktiviteter/

🍃Kvifor er levande planter so viktige for oss, og korleis påverkar dei velværet vårt? Framover vil me gå nærare innpå dette temaet og sjå på kva det betyr i praksis😊🍃

🎄GOD JUL🎄😊

🍃Har du lyst å være med? 🍃Meld deg på her: https://forms.gle/WgiMDRjgYR8iJVtG9

🌿 Planteveggar har so mange moglegheiter! Kan godt stå aleine, men fin å setje saman på ulike vis -både i høgda og i bredda. Gullranke (Epipremnum aureum) er super å bruke, med alle sine gode kvalitetar; den har god vekst, og er med å reinse lufta. Rett og slett godt å kvile augo på ein plantevegg😊🍃