Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)

Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)

Vil du støtte oss? Vipps: 571324

Kontonummer:
3906 30 39423
6567 05 04810 BSV vart oppretta 10. Det tyder "Trygg hamn". Sugeruje "bezpiecznej przystani".

Barneheimen Suwalkis Venner (BSV) er ein organisasjon som hjelper vanskelegstilte born på to barneheimar i byane Suwalki og Augustow, lengst nordaust i Polen. Organisasjonen vert driven på frivillig basis, og innsamla midlar går så og seie uavkorta direkte til barneheimane. januar1990, etter at ei gruppe frå Larsnes i Sande kommune hadde drive med innsamling og sending av klede og anna utstyr i fl

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 24/06/2024

Kjære Suwalkivenner! ❤️
Langvarig covidperiode og nært naboskap med krigsområde i aust, ( jfr evakueringssona for Ukraina i nord, den såkalla Suwalkikorridoren), har vi stilt oss litt avventande, og det har gått lang tid sidan sist BSV gjesta barneheimane i Augustow og
Suwalki.
No følte vi det måtte vere tid for eit besøk, og saman med styremedlem Torill Gjerde reiste underteikna med fly via Gdansk og med tog om lag 30 mil vidare austover til Elk og Suwalkiområdet. Tungt nedlesste med klede og anna som firma her har gitt oss, møtte vi vennane våre gjennom mange år og overrekte det vi hadde med. Rørande glade tek dei imot på vegne av alle som søkjer tilflukt på Przystan.
Her var det fine både sommar- og vinterklede, så til hausten er der også gode, varme huer, hanskar og ein heil del varme skjerf. Nemnast må også det viktige innslaget av nye sko frå Norge!
Kanskje noko av det som kostar mest å anskaffe! Vi har sett så mange opp gjennom åra som har mangla til dømes vinterfottøy!

Det er ei glede å dele med dykk at det skjer gledelege ting med «våre» i Augustow og Suwalki, sjølv om det enno er ei stund til dei greier seg utan hjelp utanfrå.
Det er alltid ei kjelde til påfyll av ny motivasjon og energi å gjeste dei på Przystan! Vi blir mottekne som var vi nær familie!
Mangt har endra seg positivt dei seinare åra også i denne delen av Polen. Der er ingen varemangel, men dårleg kjøpekraft grunna så lave lønningar. Prisane har auka kraftig, medan lønningane har stagnert. For dei fleste blir det svært vanskeleg å greie seg kvar månad.
Men det gler oss å sjå og oppleve at både lokalpolitikarar og private sponsorar støttar sine respektive hjelpeorganisasjonar langt betre enn før og har visjonar bå barna dine vegne.
Enno ei stund vil BSV halde fram å hjelpe Przystan, gjennom månadlege gåver frå støttemedlemmer og frå vårt årlege haustlotteri.
Varm takk til alle dykk som støttar oss trufast! ❤️
Gerd A Vik Flø, leiar for BSV.

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 17/02/2024
Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 17/02/2024

BSV innbyr Suwalki-vener til årsmøte!
28. febr kl 18. på Ulstein ungdomsskule.
Hjarteleg velkomen!

21/11/2021

Trekning i Suwalkilotteriet 2021
Fredag 19. november trekte vi vinnarane av Suwalkilotteriet. Vinnarane er:

Dokke med garderobe og vogge:
Alise Jørandli Flakk, Hareid.

Leikelastebil:
Svanhild Larsen, Hareid.

Handstrikka damegenser:
Oddrun Hustad, Ulsteinvik.

Forkle frå Lappelina:
Dagfrid Gardshol, Hareid.

Gåvekort frå Pernilles Clinique:
Eli Grethe Warpe, Hareid.

Dørkrans frå Wenche Mork:
Anne Grete Sætre, Ulsteinvik.

Fisk frå Vartdal:
Ingebjørg Eidheim Ulstein, Ulsteinvik.

Kransekake:
Agata Mlodzinska, Haddal.

Heimebaka flatbrød:
Britt Sandvik, Ørsta.

Heimebaka flatbrød:
Aud Janne Hatlebakk, Ulsteinvik.

Kvit linduk frå Polen:
Andrzej Flemming, Hareid.

Kvit linduk frå Polen:
Brita Julianne Skum, Alta.

Vi vitnar at trekninga er rett:
Ann Kristin Holstad Urke
Mona Vartdal
Toril Mork
Magdalena Gården
Gerd A. Vik Flø

Styret i Barneheimen Suwalkis Venner vil rette ei varm takk til alle som har støtta organisasjonen med loddkjøp. Vi er glade og overvelda over alle gode bidrag!

God førjulstid til alle!

02/11/2021

SUWALKILOTTERIET 2021 er i gang!
Trekning 19. november 2021
Kr. 10,- per lodd

Du kan kjøpe lodd gjennom Vipps eller overføring til kontonummer.
Vipps: 571324
Kontonr: 3906 30 39423 eller 6567 05 04810

Eg noterer loddkjøpet ditt og melder tilbake når det er gjort!

Husk å oppgi beløp, namn og telefonnummer!

Gevinstar:
• Dokke med garderobe og vogge
• Leikelastebil
• Handstrikka damegenser
• Forkle frå Lappelina
• Gåvekort frå Pernilles Clinique
• Dørkrans frå Wenche Mork
• Fisk frå Vartdal
• Kransekake
• Heimebaka flatbrød
• Heimebaka flatbrød
• Handarbeid: Kvit linduk frå Polen
• Handarbeid: Kvit linduk frå Polen

23/09/2021

Love them all ❤️

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 09/12/2020

Takk til alle trufaste støttemedlemmer for alle gåver de har gitt i året som snart er over! ❤️Dette underlege 2020, som bar korona med seg, og gjorde at alle måtte lære seg å tenke og handle annleis enn før!
Vi er glade for å kunne meddele at drifta på heimane i Suwalki og Augustow går stort sett som før, sjølv om dei tilsette har måtta utført eit stort arbeid for å halde smittefaren på avstand.
Vi sender i desse dagar ein ekstra sum til innkjøp av litt julegåver til borna.❤️ Så vonar vi på eit nytt år med muligheit til framleis å støtte arbeidet for borna i Augustow og Suwalki.
Stor takk til kvar av dykk som vil støtte oss også i 2021! 🥰
GLEDELEG JUL og GODT NYTT ÅR til alle! 🌲❤️

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 19/09/2020

Kjære Suwalkivenner!

22/05/2020

Allmøte-Årsmøte i Barneheimen Suwalkis Venner.
Dato: 10. juni kl. 1900
Stad: Ulstein Ungdomsskule

Dette møtet har vore utsett i eit par månader som ei følge av koronapandemien. No når samfunnet har opna for at fleire kan vere samla, sjølvsagt etter gjeldande smittevernreglar, vil vi arrangere dette møtet i forkant av sommar og sommarferie.
Påmelding på tlf 92458862 om du vil vere med.

Kjære Suwalkivenn! Hjartans velkommen til deg!

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 06/04/2020

Kjære trufaste Suwalkivenner! ❤
GOD PÅSKE! 🐣🐣
Tusen takk for at de er der og støttar arbeidet vårt for borna på Prystan i Augustow og Suwalki!
Det har vore svært knapt med nyheitsoppdatering frå vår kant i det siste, men eg vil skunde meg å fortelje at vi har fortløpande kontakt med vener og samarbeidspartnarar, og det går bra med dei! At dei vaksne som arbeider der er stabile og trygge, er den beste føresetnaden for at borna skal ha det godt.
Vi i BSV er glade og stolte over arbeidet dei utfører! Dei framhevar kor viktig den økonomiske og moralske støtta dei får frå oss er med og oppmuntrar dei til framleis å arbeide med born som treng meir hjelp enn det dei kan få i heimane sine.
Påskefeiring er noko som er veldig sentralt i Polen, og vi er litt spent på om dei får feire sidan også deira land er sterkt influert av strenge reglar i høve koronaviruset.

Sjølv har eg hatt anledning å feire påske saman med våre polske venner fleire gonger før, og det har vore ei stor oppleving!

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 02/11/2018

Les oppdatering om Barneheimen Suwalkis Venner på sida til BSV sIn styreleiar Gerd A. Vik Flø.

28/02/2018

Kjære Suwalkivenner! :) Vi har ikkje brukt denne sida til å sende opplysningar om organisasjonen BSV på ei stund. I staden har vi brukt ei privatside for oppdatering.
Barneheimen Suwalkis Venner (BSV) er frisk og oppegåande, og støttar barneheimane i Augustow og uwalki som før. Det er takka vere bidraga frå dykk at vi kan gjere det!
Dagen i dag er ein spesiell dag. I dag, 28. februar, klokka 1800 er det ÅRSMØTE med orientering/oppdatering om BSV, på Ulstein Ungdomsskule klokka 1800.
Vi vonar på ei hyggeleg stund, med tid til prat under mat/kaffiøkta!
Det blir også utlodning.
Hjarteleg velkommen til alle interesserte!

30/08/2017

Kjære Suwalkivenner!
Vi er nettopp tilbake frå Suwalki og Augustow etter eit veldig kjekt besøk. Vi i styret for BSV har gjort det til ein tradisjon med eit årleg besøk, noko som verkar som ein tovegs inspirasjon og motivasjon. Då møter vi både barn og vaksne, og blir oppdaterte om drifta. Vi deler gleder og bekymringar, og hjelper kvarandre med å rette blikket framover!
På bildet her ser du Monika Suchocka, ein av dei unge og dynamiske leiarane i ferd med å aktivisere to gutar på 7 og 6 år, der den eine er autist. Vi er stolte og glade over at dei er flinke til å ivareta også dei borna som har spesielle utfordringar, og som treng særskild oppfølgjing.

15/08/2017

Kjære Suwalkivenn!
I neste veke går den årvisse BSV-turen til Suwalki og Augustow for å besøke borna på barneheimane og dei vaksne som vi samarbeider med.

Har du lyst å bidra med nokre kroner ekstra til eit velferdstiltak for borna, så tek vi mot med stor takk- og syter for at det går nettopp til det!
Merk gåva med "Velferd-Suwalki" og sett inn på konto 3906 30 39423.
innan mandag 21. august kl. 0900.
TAKK!!
Med vennleg helsing Gerd A. Vik Flø, leiar for BSV.

25/06/2017

Det er sommar i Suwalki og Augustow, og det blir arrangert sommaraktivitetar for borna på Przystan! :) Med små midlar gjer dei slikt kvart år, for å gi borna ei FERIE-oppleving!

Timeline photos 12/04/2017

HAPPY EASTER to all my friends at PRZYSTAN in Augustow and Suwalki! I'm on my way to Gdansk to guide a Norwegian Group. My NeXT trip to Poland will be to Suw/Aug!! Love from Gerd and BSV

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 17/02/2017

Edvard Rolandsen - til minne! 🌹 I dag har vi følgt ein trufast Suwalkivenn til grava. På 1990-talet køyrde Edvard fleire gonger med eigen bil og for eiga rekning til Suwalki, "lasta til ripa"! Lasta var hjelpesending til barneheimane vi er med og driv. Glede og iver prega engasjementet hans, og saman med nevøen, Arne, var han sanneleg med og "gjorde ein forskjell" for borna på Przystan i Augustow og Suwalki. Arne døydde brått i heimen sin i Brasil for eit par år sidan, så no er 2 eldsjeler borte. Vi lyser fred over begge sitt minne, i djup takksemd for det dei gav av tid og innsats for Barneheimen Suwalkis Venner.
Varm takk til familien for donasjon til BSV i samband med Edvard si gravferd! ❤️
For BSV, Gerd A.Vik Flø, leiar

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 30/10/2016

VI LØFTAR I FLOKK!
Minner om Suwalkis Venner sin basar på Bygdestova, Ulsteinvik i dag, søndag kl. 17.
Gevinstar av beste merke!
Godt program!
Gode kaker!
GOD SAK!!

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 29/10/2016

VI LØFTAR I FLOKK!
Suwalkis Venner minner om basaren på Bygdestova, Ulsteinvik, i morgon, søndag 30. oktober kl. 1700.
Du er hjarteleg velkomen!

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 27/10/2016

Basar på Bygdestova, Ulsteinvik søndag 30. okt kl 17.
VI LØFTAR I FLOKK FOR BARNA I SUWALKI!
Åresalg - Trekking av loddbøker- Lynlotteri -
Nytt frå barneheimane- Musikkinnslag ved musikkskuleelevar
Gratis servering frå kakebord!
Kom og bli med på ein triveleg ettermiddag/kveld med Suwalki i fokus!
Du er hjarteleg velkommen!!

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 21/10/2016

Lotteridugnad for Barneheimen Suwalkis Venner er i full gang! I dag, laurdag 22 oktober, finn du oss på Amfi i Ulsteinvik mellom klokka 11 og 15. Mange fine og nyttige gevinstar!
Bli med og støtt ei god sak!❤️ Velkomen til loddkjøp og ein hyggeleg prat! 😊

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 16/10/2016

Lotteridugnad 2016 er i gang! Mange vakre, nyttige og gode gevinstar!

15/10/2016

I dag, laurdag 15. oktober, er Barneheimen Suwalkis Venner (BSV) å finne på Euro Spar, Hareid mellom klokka 12 og 15.

Det er den årlege dugnaden som er i gang, og vi inviterer til å støtte BSV med å kjøpe lodd!

Fine gevinstar! Vakre - nyttige - praktiske!

Kjære medmenneske! Støtt vår gode sak!
Vi har stor tru på saka vår, og vi veit at alle midlar vi samlar inn, vert brukt til eit betre daglegliv for borna, og er ei investering i framtida deira!
VELKOMEN TIL VÅR "STAND" på EURO SPAR, HAREID.

På vegne av styret i BSV,
Torill og Gerd.

(Del gjerne vidare dette innslaget - om du vil ! )

05/10/2016

I dag har vi gjort unna den store pakkesjauen for årets sending til Suwalki og Augustow! 10. klassingar ved Ulstein Ungdomsskule, med foreldre og føresette, er snart reiseklare til Krakow, og har sagt ja til å ta med 10-15 kasser for vidaresending til Augustow! Dette er vi i styret for BSV veldig glade for, og takkar frå hjartet for at dei er så velvillige. Ved å gjere denne velgjerninga er dei med på noko STORT, nemleg å hjelpe til slik at andre born og ungdommar skal få klede og sko til vinteren!

02/10/2016

Kjære Suwalkivenner! :) No er det lenge sidan vi la inn noko på sida her. Men no er det på tide å minne om at vi går inn i loddsalg-modus og basarforventningsglede i desse dagar. Loddbøker er i sirkulasjon, og den 30. oktober arrangerer vi tradisjonell basar på Bygdestova her i Ulsteinvik.
Men først skal det seljast lodd på AMFI og på BLÅHUSET, den 22. og 29. oktober. Sjå etter oss! Kom og sjå dei fine gevinstane våre- og sikre deg lodd! Mvh styret i BSV v/Gerd

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 21/05/2016

BSV si trufaste støtte heilt sidan starten, kjære Kjellfrid Sandvik, vart nyleg følgd til siste kvilestaden. Ei stor forsamling av slekt og vener var med.
Lillemor Brandal og Ingrid Engkrog og underteikna representerte BSV. ❤️ Vi takkar frå hjartet for alt ho gav til Suwalkis Venner, gjennom styreinnsats, innsamling av pengar og alle dei gode lestepara ho strikka! Kjellfrid vil alltid ha ein stor plass i våre hjarte! ❤️ Gerd A. Vik Flø, styreleiar BSV

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 28/04/2016

Då er vi på veg heim etter eit godt og hjartevarmt opphald på barneheimane i Suwalki og Augustow! ❤️ Har med varme helsingar til alle Suwalkivenner! 😊

Photos from Barneheimen Suwalkis Venner (BSV)'s post 27/04/2016

Vi, Ingrid, Torill og Gerd, er på BSV-tur til Suwalki og Augustow, og har hatt fine dagar med gode opplevingar saman med barn og vaksne! 😊 Kjekt å sjå at så mange barn har fått det godt ved å vere på Przystan, og at stadig nye får hjelp! Varm og god mottaking som alltid når vi kjem hit, og litt trist når vi skal reise igjen, både for oss og for dei! Underhaldninga framført av barna. viser at tryggleiken har gjort dei kreative og styrka sjølvbiletet deira! ❤️

Timeline photos 21/04/2016

Kjære Suwalkivenner!

Vi; Torill, Ingrid og underteikna, står på farten til ein ny tur til Augustow og Suwalki for å besøke barneheimane PRZYSTAN!

Telephone

Website