Volve Vokal

Volve Vokal

Bergensbasert kvinneleg vokalensemble. Freistar å utforske korkonsert-sjangeren.

14/06/2024

Ullsokkar eller ei, på tysdag er vi klare for Sumarkonsert med Volve Vokal på Cornerteateret 🌞 Velkomen!

Foto: Vera Lunde

09/06/2024

Regntunge skyer får oss til å lengte ekstra mykje til glade dagar saman i sola 💛 vi kan ikkje garantere for solskin på sumarkonserten vår, men varme tonar og lun stemning vert det uansett🌦️

Vel møtt til Sumarkonsert med Volve Vokal på Cornerteateret, tirsdag 18. juni 🌼

Photos from Volve Vokal's post 20/05/2024

Mimrar tilbake til vårens ablegøyer på Bergen Barneasyl 🐸 Etter å ha kvansa oss våren gjennom kan vi endeleg glede oss til sumaren og til sumarkonsert tirsdag 18. juni! Kanskje vert det litt kvansing og kvoising der og? 🌻

Takk til fotograf Vera Lunde for flotte bilete frå Det kvanser seg! 💕

17/05/2024

Hipp hipp! Gratulerer med dagen 🧡💕

20/04/2024

Kvorr, kvorr! Dagen er her og vi gler oss sånn til å spele Det kvanser seg 🌻 🌻🌻

Dagens framsyningar er utselde, men det et framleis mogleg å kapra billettar til ein av framsyningane på søndag. Psst! Få billettar igjen til dei tre fyrste framsyningane i morgon!

Photos from Volve Vokal's post 18/04/2024

Endeleg! På laurdag brakar det laus med Det kvanser seg og vi gler oss så mykje! 👇

Premieren er utseld og det begynner å minke på billettane - vi anbefaler derfor å bestille billettar i forkant om du vil vere med å kvanse deg i helga! 🫶

08/04/2024

Har du sett santefrosken i byen enda? Eller kanskje har du sett hunden Ego snuse rundt i blomsterbeda? Vi har hørt at dei kjem på Det kvanser seg 20-21. april!

Stor takk til illustratør Mathilde Rørmark for denne perla av ein plakat 🌼

Photos from Volve Vokal's post 04/04/2024

Psst! Har du kvansa deg med oss før?

Vi spelte Det kvanser seg for fyrste gong i 2017. Den gong fekk vi høyre frå ein 8 år gamal gut som såg framsyninga at "Det var akkurat som å vere inne i Barne-TV!". Det er vel derfor ikkje så rart at vi gler oss ekstra mykje til å framføre ein ny versjon av "Det kvanser seg" på Bergen barnesyl 20-21. april 🍍🍍🍍 Kom bli med!

Foto: Elise Årdal

13/03/2024

Kvorr, kvorr! Vinteren er omsider i ferd med å ebbe ut og vi ser fram til nye krumspring den kommande våren 🦎 I april sett vi opp ein ny versjon av familieframsyninga vår “Det kvanser seg” frå 2017. Vi gler oss til ein ny runde med kvansing, kvoising og lifsing saman med små og store 🧡

Billetter kjem i sal tysdag neste veke!

Foto: Elise Årdal

Photos from Volve Vokal's post 01/01/2024

2023 var eit ganske så fantastisk år for Volve Vokal ✨ Tusen takk til alle som var på konsertane våre, til alle som samarbeida med oss, til dei som booka oss til konsertar og oppdrag og til alle som heia på oss i 2023! De gjorde året vårt magisk 💖 Ein stor takk til vår eineståande kunstnariske leiing Hild C. Vang, Thea Meidell Sjule og Gro Espedal for alt de har leidd oss gjennom i 2023 ⭐️
Vi takkar for det gamle og gler oss til å gyve løys på planane våre for 2024! Godt nytt år 🎆

✨✨ ✨✨✨✨2023 ✨✨✨✨✨✨

✨ “Etterlandskap”, konsertforestilling i samarbeid med kunstnar Line S. Hvoslef,
Bergen Kjøtt 9-10. mars

✨ Koring for LINE DYBEDAL på sleppkonsert for plata hennar “Armeria Maritima”, Kulturhuset 4. mai

✨ To opptredener med Sondre Lerche på konsetførestillinga “Neuromantics” under Festspillene i Bergen, DNS 3. juni

✨ Sumarkonsert på Kulturhuset, 13. juni

✨ Innspeling og utgiving av vår andre musikkvideo «Rubbles»

✨ Seier i Grand Prix of Nations under European Choir Games 2023

✨ Fullsett konsert på Vill Vill Vest 2023, Kulturhuset 11. november

✨ «Det som kveikest i myrkret» førjolskonsert med gjestar Audhilds Spelemannslag - Bergen ungdomslag Ervingen og Kirkevoll Skolekor,
Sandviken kyrkje 12. desember

Bergen kommune - Hedret Musikaljentene og Volve Vokal 22/12/2023

Forrige veke var vi så heldige å bli invitert til feiring på rådhuset i anledning av seieren vår i Grand Prix of Nations under European Choir Games tidlegare i haust. Hjarteleg takk til kulturbyråd Reidar Digranes og Bergen kommune for oppmerksemda! Det er ei glede å være ein del av kulturbyen Bergen og ikkje minst å kunne representere byen i internasjonal samanheng🌟✨

Vi vil og gratulera dei fantastiske Musikaljentene så mykje med seieren i Norske talenter 👏✨✨
Vel fortent!!

Bergen kommune - Hedret Musikaljentene og Volve Vokal Onsdag hedret kulturbyråd Reidar Digranes to aktører på amatørkulturfeltet i Bergen som har imponert oss alle med sine meritter denne høsten.

19/12/2023

Tusen takk til alle som kom på vår førjolskonsert sist veke! Det var stor stas å opptre for ei fullsatt kyrkje og vi er takksame for at de ville dele denne kvelden med oss. Hjartans takk til Kirkevoll Skolekor og Audhilds Spelemannslag - Bergen ungdomslag Ervingen for eit fint samarbeid❣️

Overskotet frå konserten går til Leger Uten Grenser ♥️

Foto: Elise Årdal (2015)

05/12/2023

Det har nærmast blitt tradisjon for oss å syngja i Nonneseter kapell fyrste søndag i advent og i år vart ikkje eit unntak ❄️ Tusen takk for oss Fortidsminneforeningen Bergen Lokallag, det var som alltid særs kjekt å syngja for dykk! No er alle oppdrag for året utført og vi har berre ei siste framsyning igjen på programmet, nemlig førjolskonserten Det som kveikest i myrkret i Sandviken kyrkje om nøyaktig ei veke! Vonar å sjå dykk der 💜

Volve Vokal This little babe 01/12/2023

Gledeleg fyrste desember frå alle oss i Volve Vokal 🤍 Adventstida er straks her og vi byrjar for alvor å gle oss til førjolskonserten vår Det som kveikest i myrkret tysdag 12. desember! Der kan du blant anna høyre denne perla ✨✨✨

Volve Vokal This little babe This little babe - Benjamin Britten/arr: Gro EspedalSound: Volve Vokal, Foldnes kyrkje

Photos from Volve Vokal's post 18/11/2023

I dag er det ein veke sidan vi song på Vill Vill Vest 💜 Det var ein stor oppleving for oss og det var enormt stas å opptre for eit nytt og heilt nydeleg publikum! Tusen takk Vill Vill Vest og gratulerer så mykje med ein fantastisk festival ✨

Hjartans takk til Line S. Hvoslef for at vi fekk projisera kunstverka dine på konserten, og takk til vår dirigent Gro Espedal og regissør Hild C. Vang 🤍

Foto: Øystein Haara, Vill Vill Vest

Photos from Volve Vokal's post 09/11/2023

Vi har knapt rokke å komme ned frå skyene etter de fantastiske opplevingane sist veke under European Choir Games i Norrköping. Vi rekker neppe å komme så langt ned heller, for allereie på laurdag opptrer vi på Vill Vill Vest 🤍🤍🤍 festivalen startar i dag og vi ser fram til å høyre en rekke spennande artistar spele dei neste dagane✨ Håper vi sjåast på konsert!

Foto: © INTERKULTUR/Studi43

Koret fra Bergen ble europamester 02/11/2023

Vi har landa att i Bergen men flyr fortsatt høgt etter å ha gått til topps i Grand Prix of Nations under European Choir Games 🚀✨
Kl. 15:10 i dag kan du høyre oss live på P1 på NRK Vestland 🤩

Koret fra Bergen ble europamester

31/10/2023

VI VANN!!! Vi tok gullmedalje i finalen Grand Prix of Nations under European Choir Games 2023! FOR ei oppleving!
🤍🤍🤍

01/01/2023

Eit korår er tilbakelagt og vi har mange flotte koropplevingar å sjå tilbake på. Mellom anna kan vi nemne ein etterlengta sommarkonsert på Bergen Kjøtt - heilt utan koronarestriksjonar, SIGER i kvinneklassa på Grieg internasjonale korfestival (vår fyrste siger i ein internasjonal korkonkurranse!), deltaking på årets Bergen Assembly i flotte Bergen Domkirke med framsyninga "Nothing More", heilhus i Kulturhuset med Sondre Lerche og til slutt to utselde adeventskonsertar i vakre Fensal i midten av desember. Ei gruppe frå koret har også vore heile vegen til Berlin med framsyninga BIOME, eit prosjekt vi gleder oss til å jobbe vidare med her i Noreg med heile koret i året som kjem. Vi har i det heile mykje spennande å sjå fra imot, så fylg med!

Med det vil vi ynskje eit riktig godt nyttår til alle Volve-venar! 🎉Vonar vi sjåast på ein konsert eller fem i året som kjem! 🎶

📸 Foto:
Oppe venstre: Inger C. Skåret
Oppe høgre: Norsk radiofabrikk (skjermdump frå YouTube)
Midten venstre: Line Hvoslef
Midten høgre: Rune Sævig

Volve Vokal This little babe 24/12/2022

God jul frå alle oss i Volve Vokal 🎄❤️🎶

Volve Vokal This little babe This little babe - Benjamin Britten/arr: Gro EspedalSound: Volve Vokal, Foldnes kyrkje,

Videos (show all)

Regntunge skyer får oss til å lengte ekstra mykje til glade dagar saman i sola 💛 vi kan ikkje garantere for solskin på s...