IDZ Bygg

IDZ Bygg

Tømrarfirma frå Strandvik. Utførarar tømrararbeid innan mindre nybygg, tilbygg, garasje, renovering

Photos from IDZ Bygg's post 10/12/2023

Flott moderne carport ferdigstilt i tide før vinteren satt inn! 🤩👌

Kledning og spiler i MøreRoyal grå frå Talgø
Dør i fargen Dempa Svart frå Bygg1.

Photos from IDZ Bygg's post 18/08/2023

IDZ Bygg ønsker alle ein riktig god helg med desse bileta av inngangsparti som blei ferdigstilt hos ein kunde idag 🤩😎👌

Her er det brukt terrassebord frå Talgø i fargen setersvart. 👌

Photos from IDZ Bygg's post 06/08/2023

Ferien er over for i år og IDZ Bygg er klar for nye spennande prosjekt utover hausten.
Her er bilete av to prosjekt som blei fullført i sommar.

Bilete 1: Her er det lagt nytt tak og montert nye vindauge, i tillegg til at fasaden generelt er blitt friska opp med utbetring av roteskader rundtom. Kunden har stått for maling undervegs og resultatet er ein fasade så god som ny! 👌

Bilete 2: Her er det bytta undertak og takplater. Dei gamle stålplatene var stygge med mange dårlege overganger. No har hytta fått seg eit holdbart og skikkelig tak.
Pipehatt og beslag er levert av I.Bjørø Kobber & Blikk As 👌

Photos from IDZ Bygg's post 02/07/2023

Ny forvandling! 🤩
Frå trang kjellergang med blomstertapet og små boder, til lys og moderne gang med praktisk oppbevaring under trappa! 👌

Flott og behagelig trapp med praktisk garderobeløysing frå Stryntrappa



H2 elektro as
Fyllingen Flis Og Mur As

Photos from IDZ Bygg's post 12/05/2023

Nytt kjøkken montert hos kunde. 🤩👌

Photos from IDZ Bygg's post 30/04/2023

Bla gjennom bildene for å sjå heftig oppgradering!

Frå eit mørkt vaskerom som aldri har vore ferdigstilt, til eit flott, moderne og praktisk vaskerom/bad! 👌 Her snakkar me skikkelig oppgradering! 🤩

Kjekt å jobba med flinke samarbeidspartnarar på slike prosjekt! ⬇️
Strøkent flisleggerarbeid av Fyllingen Flis Og Mur As .
H2 elektro as
Hordaland Rørteknikk
Malerfirma Kenneth Samnøen AS

18/04/2023

Våren er kome for fullt med fantastisk vèr! ☀️😎 Då må ein nytta på å få begynt med takjobbane! 🔨🪚

Her skal det leggast nytt undertak og ny takstein, samt diverse utbetring av roteskader.

23/12/2022

IDZ Bygg takkar alle kundar, samarbeidspartnarar og følgjarar for året som har gått, og ynskjer alle ein God Jul, og eit riktig godt nytt år! 🎄🎅🎉

Photos from IDZ Bygg's post 27/11/2022

Ny garasje ferdigstilt. 🤩
Fornøyd kunde som kan parkera bilen tørt og godt under tak når vinteren kjem!

Garasjen er bygd i godt samarbeid med Leigland Bygg AS som har stått for prosjektering og levering av materialer.

Garasjeport frå LOBAS Porten

Photos from IDZ Bygg's post 04/11/2022

Skifertak er blant dei mest holdbare taka som finns. Men ofte er det innfesting av skiferen og konstruksjonen under som sviktar etter mange år i fuktig og hardt klima.
Men skifertak er også vakkert og bør tas vare på!
Difor er det ekstra gøy med eit prosjekt der kunden ønsker å beholde det originale uttrykket til bygget!

På denne låven var takkonstruksjonen skeiv og svekka. Skifer blei tatt ned, taksperr retta av og forsterka, for så å legga skikkelig undertak før den gamle skiferen blei lagt opp igjen.

Resultatet er eit vakkert og solid tak som er godt rusta mot vestlandsveret i mange fleire år.

Photos from IDZ Bygg's post 21/10/2022

IDZ Bygg bistår Fusa Elektro As med montering av solcellepanel.
Bilete frå dagens montering.

Photos from IDZ Bygg's post 03/08/2022

Nytt moderne rekkverk ferdigstilt hos kunde. 🔨

Photos from IDZ Bygg's post 17/06/2022

Utvidelse av terrasse og nytt inngangsparti for kunde.

Eit flott resultat med bruk av MøreRoyal terrassebord frå Talgø , levert av Byggtorget

Photos from IDZ Bygg's post 09/06/2022

IDZ Bygg har denne veka montert baderomsplater på to bad for Leigland Bygg AS

Her er det brukt skjult innvendig hjørneprofil for ein meir gjennomført finish, samt vindusforingar av baderomsplater og ellers listefrie løysingar for eit meir moderne resultat.

Fibo Fyllingen Flis Og Mur As

Vil du plassere din bedrift på toppen av Engineering-firma-listen i Bergen?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Nettsted

Adresse


Bergen
5643