Det Norske Samlaget

Vi har gitt ut kvalitetslitteratur på nynorsk i over 150 år. Samlaget er eit kulturforlag som i over 150 år har fremja nynorsk språk og litteratur.

Engasjerte forfattarar og tilsette i forlaget bidreg til eit stort mangfald av utgivingar av høg kvalitet. Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for forlaget.

05/08/2024

🧢Konkurranse🧢

Me deler ut fem Til døden skil oss-capsar for å feire lanseringa av roman nummer to om Jacob Juul ☺️ Kommenter med ein caps-emoji for å vera med, så trekker me vinnarane 15. august!

Photos from Det Norske Samlaget's post 05/08/2024

Spelemann er her snart! Du kan bestille signert utgåve hjå Norli alt no ☺️ Bla for å lese nokre utdrag 👉🏼

https://www.norli.no/boker/hobby-og-fritid/kunst-og-kultur/musikk/spelemann

04/08/2024

Vekas søndagsdikt er Eg er litt utanfor meg sjølv av Jon Fosse.

26/07/2024

Hugs: det viktigaste i strandveska er ei god bok 🥰

(📷: Anne Christine Erikstad)

24/07/2024

No kan du kjøpe billett til Juleroser på Det Norske Teatret! 🥰 https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar?id=711207

Ho ho ho, gledeleg 24. juliaftan 🎄
Psst. Legg frå deg solkremen ein augneblink! Vi veit det er tidleg, men no når du er i lag med familie, ein venn eller to, er det lurt å planlegge noko triveleg før jul. 🎅🏼🥰🤶🏼

Herborg Kråkevik og ein stjernepose med artistar drysser julestemning over teateret tre søndagar i advent. Så ta deg fem minutt for å planlegge den koselegaste førjulskvelden med dei du er glad i!

Billettane finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/juleroser

Velkommen til Juleroser 🎄❤️

22/07/2024

Femmar til Ivar får ansvar! 😍

«Dette er ei verkeleg god barnebok. No er ikkje det overraskande, for Arnfinn Kolerud er av dei finaste barnebokforfattarane vi har. Teksta er som alltid overraskande. Styrken til Kolerud ligg nettopp i at du aldri veit kva veg forteljinga vil ta. Ein annan kvalitet er det leikne språket.», skriv Anne Cathrine Straume i NRK.

Gratulerer, Arnfinn! ❤️

21/07/2024

Me køyrer eit litt annleis søndagsdikt i dag. Olav H. Hauge les «Katten» og «I dag såg eg» under visefestivalen i Haugesund i 1972.

(Foto: NRK)

21/07/2024

Fosse in the wild! Kvar les du nobelprisvinnaren denne sommaren?

(📷: Helene Flatland)

20/07/2024

Slik står det til med jordbruket her til lands. Maria Lavik har odel på ein gard i Eksingedalen. Skal ho ta over?

I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?

Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.

Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

Boka kjem i sal 22. august, men kan bestillast alt no: https://www.norli.no/boker/dokumentar-og-fakta/historie-og-dokumentar/biografier-og-memoarer/odelsskam

Photos from Det Norske Samlaget's post 19/07/2024

Sjå så fint bøkene våre er utstilte på Jakob Sande-senteret! 😍

(📷: Marie Tveiten)

«Far min var 14 år og måtte ta ansvar for familien» 07/07/2024

Bruk nokre minutt på å lese dette fine intervjuet med Marit Eikemo, vel! Ho fortel om prosessen med å skrive suksessen «Vi er brødrene Eikemo» 🥰

«Far min var 14 år og måtte ta ansvar for familien» Då Marit Eikemo skreiv bok om far sin og dei fire halvgalne brørne hans, forstod ho kva vi står i fare for å misse.

Photos from Det Norske Samlaget's post 03/07/2024

Her er noko av det de kan sjå fram til frå Samlaget i haust ☺️

01/07/2024

Leitar barnet i huset etter ei god bok til sommarferien? Prøv ei av desse! ☺️

Photos from Det Norske Samlaget's post 27/06/2024

Treng du tips til kva romanar du skal ta med deg på sommarferie i år? 👀

26/06/2024

Vekas onsdagsdikt er Ut i skogen av Ragnar Hovland 🌲

Photos from Det Norske Samlaget's post 25/06/2024

Denne sommaren ville Jan Roar Leikvoll ha fylt femti år. Førre helg hylla forfattar Demian Vitanza den avdøde kollegaen sin i Klassekampen, der han mellom anna skreiv dette:

«Bøkene til Jan Roar Leikvoll er distinkte, voldsomme og vakre. Når jeg nå mener vi bør minnes ham på femtiårsdagen hans, er det også fordi de på uhyggelig vis snakker til vår tid. Og kanskje mest av alt fordi han viser at det skjøre og skakke kan synge sin vakre sang midt i det dypeste mørket. Det er ikke noe vi trenger mer i dag enn akkurat det.» ❤️

Har du lese Leikvoll enno? Viss svaret er nei, kva med å starte i sommar?

20/06/2024

I dag har Jon Fosse fått Storkorset av St. Olavs Orden ❤️ Me er så utruleg stolte av deg, Jon!

(Foto: Sara Olivia Sanderud)

19/06/2024

Vekas onsdagsdikt er Dagen er ein fugl av Jon Fosse.

14/06/2024

Hels på den nye redaktøren i Syn og Segn: Martin Årseth!

Styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget har tilsett Martin Årseth som ny redaktør i Syn og Segn. Årseth er journalist i Klassekampen og startar i Syn og Segn 1. oktober. Han har tidlegare jobba i avisene Norhordland, Bergensavisen og Vest-Telemark Blad.

– Vi er veldig godt nøgde med at Martin skal ta over Syn og Segn. Det var ei særs god søkarliste, men Martin peika seg ut, seier styreleiar John-Ragnar Aarset. Han vil samstundes takke noverande redaktør, Astrid Sverresdotter Dypvik, for den formidable jobben ho har gjort for Syn og Segn i snart fire år.

Årseth gler seg til å ta fatt på jobben.

– Eg håper å gje nye stemmer ei plattform ut i offentlegheita. Vi treng kloke folk for å ta dei gode debattane, og Syn og Segn er ein god stad for det. Tidsskrifta balanserer dei lange og dei aktuelle tankane og eg ser fram til å halde fram det viktige arbeidet Syn og segn har gjort.

10/06/2024

Men, er det ikkje … ?

Jo! Odd Nordstoga har skrive bok! Og den kjem ut i august!

«Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi også, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!»

Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.

Boka kan du førehandsbestille hjå Norli med personleg signatur NO! ☺️👇🏼

https://www.norli.no/9788234006982?utm_source=Social&utm_medium=Forfatter&utm_campaign=Nordstoga-24&utm_content=Spelemann-24

(Omslagsfoto: Morten Krogvoll)

09/06/2024

Vekas søndagsdikt er «Dikt og du» av Halldis Moren Vesaas, skrive til samlinga «Strender» frå 1933.

Henta frå «Halldis Moren Vesaas – Dikt i samling (Aschehoug, 2015) 🥰

08/06/2024

Stovebord? Du meiner vel bokbord? God helg 🥰

07/06/2024

I dag fyller Kjartan Fløgstad 80 år! Samlaget gratulerer jubilanten på den store dagen 🥰

(Foto: Britt Kilvik)

Nynorsksenteret i Volda lagar podkast der barn gir boktips til barn 07/06/2024

Dei siste rapportane om leseferdigheitene til norske barn og unge har vist nedslåande resultat.

Barna les mindre enn før, dårlegare enn før, og dei synest ikkje det er like kjekt som før.

Det vil Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda gjere noko med 🥰

Nynorsksenteret i Volda lagar podkast der barn gir boktips til barn Norske barn har blitt mykje dårlegare til å lese, og utviklinga går feil veg. Men kanskje kan ein gjeng fjerdeklassingar vere med på å snu trenden.

07/06/2024

Hans Majestet Kongen har forfremja Jon Fosse til Storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Fosse får utmerkinga for den framifrå forfattarskapen sin.

– Det er ei mektig stor ære å få Storkorset. Og eg er veldig takksam for at eg har blitt funnen verdig til denne forfremjinga, seier Fosse sjølv.

Til lukke, kjære Jon ❤️

06/06/2024

Me er så glade for at de les Marit Eikemo! 😍

05/06/2024

Vekas onsdagsdikt er signert Ida Hove Solberg. Gledeleg Pride til alle 🩷❤️🧡💛💚🩵💙💜🖤🩶🤍🤎

05/06/2024

I dag fyller vår eminente forlagssjef Håkon Kolmannskog 50 år! 🥳❤️‍🔥

Me måtte sjølvsagt feire med å mimre tilbake til augneblinken då han fekk vite at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 5. oktober i fjor 🥹

Takk for alt du er for oss, Håkon!

Møt skriveskuleelevane på Dei nynorske festspela 04/06/2024

Skal du på Dei nynorske festspela? Få med deg desse programpostane, vel! 😄

Møt skriveskuleelevane på Dei nynorske festspela Møt skriveskuleelevane på Dei nynorske festspela Fredag 7. juni klokka 1615 blir det samtale mellom Lukas Andersen, Amalie Ju Eggen og forfattar Kathrine Nedrejord. I tillegg les fleire av elevane nyskrivne tekstar. Sted: Utstillinga, Aasentunet. Laurdag 8. juni klokka 1530 blir det også opplesin...

03/06/2024

Mari Grydeland kallar Vi er brødrene Eikemo for «vellykket slektskrønike» i Aftenposten ❤️‍🔥

Har de lese enno?

Vil du plassere din bedrift på toppen av Mediafirma-listen i Oslo?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Our Story

Samlaget er eit kulturforlag som i 150 år har fremja nynorsk språk og litteratur. Engasjerte forfattarar og tilsette i forlaget bidreg til eit stort mangfald av utgivingar av høg kvalitet. Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for forlaget.

Videoer (vis alle)

Me køyrer eit litt annleis søndagsdikt i dag. Olav H. Hauge les «Katten» og «I dag såg eg» under visefestivalen i Hauges...
Men, er det ikkje … ?Jo! Odd Nordstoga har skrive bok! Og den kjem ut i august!«Eg har bestemt meg for å legge alt skamv...
Fosse får ikkje vera med
I vekas språkspalte forklarar Håkon Ambrosius Remøy kvifor det er feil å skrive «ved sidan av» ✏️
✨Premiere!✨Håkon Ambrosius Remøy er vår kjære allkunnige manusredaktør. Dette er språkspalta hans. Fyrste ord ut er «kve...
Høyr på Mari Maurstad! Septologien er ein «pageturner» 😄 Kjøp den her: https://samlaget.no/collections/septologien-av-jo...
Kvart år tenner Ragnar Hovland jolegrana vår før han syng og spelar jola inn. I år blei det kaotiske scener då ljoset ik...
Jon Fosse heldt kveldens kortaste takketale under banketten i Stockhom på søndag. Men han hausta mest latter. (Foto: NRK...
Gåsehuda er eit faktum. Jon Fosse har verkeleg fått Nobelprisen i litteratur ❤️
Kvitleik er ei av årets beste bøker, melder The New Yorker 🥰 Me kan jo ikkje seie oss ueinige i dét. Her kan du høyre An...
Årets Juleroser står julestemningpakka og klart i butikkane 🎄

Type

Telefon

Adresse


Mariboes Gate 13
Oslo
0506

Andre Forlag i Oslo (vis alle)
Cappelen Damm Cappelen Damm
Akersgata 47/49
Oslo, 0055

Norges største forlag! Vi utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseoppleve

Utrop - Norges første flerkulturelle avis Utrop - Norges første flerkulturelle avis
Storgata 39
Oslo, 0182

Utrop er avis som tilbyr nyheter og aktualiteter om det flerkulturelle samfunns - og kulturlivet.

Konsulentguiden Konsulentguiden
Oslo, 3019

Overvåker og kommenterer utvikling og trender i konsulentmarkedet

Font Forlag Font Forlag
Akersgata 47/49
Oslo, 0180

FONT er et norsk forlag som ble etablert i 2005. Forlaget konsentrerer seg i hovedsak om utgivelse av sakprosa.

Forlagshuset Lunde Forlagshuset Lunde
Sinsenveien 25
Oslo, 0572

Et mellomstort forlagshus som utgir bøker som bygger, forankrer og bevarer kristen tro.

Spartacus Forlag Spartacus Forlag
Bernhard Getz' Gate 3
Oslo, 0165

Spartacus Forlag er et uavhengig forlag som aktivt utvikler ny norsk sakprosa.

NorskeSerier NorskeSerier
Akersgata 47/49
Oslo, 0588

Velkommen til NorskeSeriers Facebook-side! Med en bok fra NorskeSerier lever du deg inn i en annen ti

Flux Flux
Nobels Gate 16 A
Oslo, 0268

Flux Forlag ble etablert i 2003 med utgangspunkt i Flux Livsfilosofisk Magasin. Forlaget gir ut sakp

Gyldendal Norsk Forlag Gyldendal Norsk Forlag
Sehesteds Gate 4
Oslo, 0164

Få med deg siste nytt om våre bøker, forfattere og arrangementer!

ASCHEHOUG FORLAG ASCHEHOUG FORLAG
Sehesteds Gate 3
Oslo, 0164

Forfatterne, bøkene og forlaget - verdt å dele.

Humanist forlag Humanist forlag
Brugata 19
Oslo, 0186

Humanist forlag utgir norsk sakprosa som får deg til å se verden på en ny måte.

Bonytt Bonytt
Nydalsveien 12
Oslo, 0484

Bonytt presenterer et stilsikkert mangfold av bolig- og interiørstoff for sine lesere. Magasinet viser nyheter og trender og gir leserne praktiske tips, råd og ideer innen bolig og...