Den Mangfaldige Scenen

Den mangfaldige scenen er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6-26 får lære, skape og spele teater i samarbeid med profesjonelle kunstnarar.

DMS as er eigd av Det Norske Teatret, Noregs Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Oslo. I 1913 etablerte Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og Noregs Ungdomslag (NU) Det Norske Teatret (DNT). Eit teater som skulle vere døropnar inn til eit språkleg og kulturelt mangfald. 100 år seinare bygger DNT, BUL og NU opp eit nytt norsk barne- og ungdomsteater, Den mangfaldige scenen. 260 barn og unge, 30 vaksne ku

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 30/09/2024

For ei strålande litterær helg! 🤓

DMS har feira både Kjartan Fløgstad og Jon Fosse med lesing på Nynorskens hus og litteratur-sti i Lillomarka.

Bileta er frå litteratur-stien og Nobelprisfeiringa i Lillomarka søndag 29.09🐕🐩🦮

Litteratur-stien, med hundeskilt teikna av barn frå Møllergata skule, heng oppe fram til 15. oktober! Vandringa mellom Evensetermyra og Hordahytta er difor ein super haustferieaktivitet!🍂

Foto: Tori Flaatten Halvorsen

24/09/2024

Er du mellom 11-15 år og vil lære meir om teater?

Bli med i teaterklubben Rebell i haust kor vår instruktør Shwan har kurs i skodespel på Rommen Scene, Lindeberg Klubben, Vestliklubben og Haugenstua Fritidsklubb.

Sjekk også ut dei andre spennande kursa som blir tilbode heilt gratis!

Les meir her:
https://www.detnorsketeatret.no/rebell

Det Norske Teatrets teaterklubb for ungdom mellom 11-15 år med interesse for alle teaterets element!
Er du nysgjerrig på teater og scene, eller kjenner nokon som er det?

Anten ein er interessert i å stå på eller bak scenen, eller berre vil snuse litt på teater, er ein velkommen til å delta på Rebell!
Her vil du få vere med på kurs i mellom anna beatboxing, skodespel, hip hop, lysdesign, collage/tekstilkunst, scenografi og scenelyd.

Prosjektet går føre seg om ettermiddagane hausten 2024 på ulike ungdomsklubbar i Groruddalen og på Rommen Scene. Prosjektet går føre seg i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen.

Det er gratis å delta.
Du treng ikkje å søke, berre kom som du er!

Du får:
- Utfalde deg både på, framom og bak scenen
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan sine kunstfelt
- Gratisbillettar til teaterframsyningar!

Du kan bli med i teaterklubben Rebell anten på Rommen Scene, Lindeberg Klubben, Vestliklubben eller Haugenstua Fritidsklubb.

Les meir her:
https://www.detnorsketeatret.no/rebell

Photos from BUL - Bondeungdomslaget i Oslo's post 13/09/2024

Kom og sjå Natt på BUL - Ei lettbeint teaterframsyning under Kulturnatt i kveld!🥳

12/09/2024

Kom og sjå “Natt på BUL: Ungdomsmøte” på Nynorskens hus i morgon klokka 19:00, 20:00 og 21:00🥳

Maria Austbø Ellingsen og Mari Elise Haugen frå BUL - Bondeungdomslaget i Oslo har regi på denne framsyninga kor utøvarar frå DMS bidrar på scenen. Framsyninga spelar heilt gratis som ein del av Oslo kulturnatt

I år fyller Bondeungdomslaget i Oslo, som er ein av eigarane av Den Mangfaldige Scenen, 125 år og i framsyninga får du ei humoristisk tolking av bygdeungdom i Oslo gjennom historia.

Ting billettar her: https://www.bul.no/sikra-deg-billett-til-framsyninga-natt-pa-bulungdomsmote-13-september/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR3Y6L-URMe834AAtH9PZ215l6Gyc7oNUwf1T6p56thP_aE-5aEU57ceV-A_aem_RqoW2v5CTnbnc6kIK64SoQ

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 23/08/2024

Gratulerer til DMSar med Noe stort laget på ett døgn under Døgnfluer-festivalen!💥

Fabian var kunstnarleg leiar for produksjonen og DMS støtta med leige av lokale og teknikar.

22/08/2024

Takk for besøket 🎭

DMS var eit av stoppa på C:NTACT sin researchreise i Skandinavia. Vi utveksla erfaringar og dei blei introdusert for Nynorskens hus og vårt arbeid med barn og unge.

Vi gler oss til å sjå kva som kjem frå dette arbeidet! 🤓

06/08/2024

Lurer du på kva DMS gjorde i fjor? 🤔

Gå inn på mangfaldige.no og sjekk ut vår årsrapport! Der finn du bilete og informasjon om vår aktivitet i 2023🎉

24/06/2024

🎶Vi i DMS er snart klare for sommarferie og vår familiekorgruppe Møllaklang som er leia av hadde nyleg sommeravslutning på Møllergata skule🎶

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 13/06/2024

✨URPREMIERE✨

Opplev ein sanseleg eksplosjon av inntrykk kring den norsk-indiske kulturen, relasjonar og om å dyrke sjølve livet!

Framsyninga Magiske Fingre er tilrådd for heile familien og spelar på Nynorskens hus søndag 16.06 klokka 15:00 og 18:00 for opent publikum og måndag 17.06 klokka 10:00 og 12:00 for barnehagar.

For meir informasjon og gratisbillettar, sjå: https://www.mangfaldige.no/events/magiske-fingre-2024-06-16-15-00

10/06/2024

Førre veke var vår instruktør og tidlegare dagleg leiar Jon Werede Hope på Festspela til og snakka om nynorsk som scenespråk 🎭

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 06/06/2024

🎭 Les meir om prosjektet til vår instruktør «Er det plass til meg» i artikkelen av https://www.parorendesenteret.no/aktuelt/kunsten-forl%c3%b8ser-s%c3%b8nnene-da-skjer-det-noe-med-foreldrene-

29/05/2024

I går hadde vi to fullsette framsyningar på Sentralen med «Er det plass for meg» 🎸

26/02/2024

Denne veka byrjar Vestlandsturnéen til Vi er alle på veg heim med Shwan Wahed og Jeaninne Masika Harrysson.

Sjå https://www.mangfaldige.no/single-post/vi-er-alle-p%C3%A5-veg-heim-1 for meir informasjon om prosjektet 📖

Foto: Tori Flaatten Halvorsen

15/02/2024

I dag spelar Pinocchio siste framsyning for Den Kulturelle Skolesekken for i år🤥

Om du enno ikkje har sett Pinocchio spelar vi fire framsyningar i vinterferien neste veke, takka vere Sparebankstiftelsen DNB.

For meir informasjon, sjå https://www.mangfaldige.no/single-post/pinocchio-1 🤗

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 26/01/2024

I dag har vi spelt siste framsyning av Ein dag i Nynorskens hus🎭 Allereie neste veke er vi klare for premieren til Pinocchio🤥 Billettar finn du her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdSZwNyr9ZnNcEsQCAx-xDsvW6P7HTBgk12S753IDKbyoYY_A/viewform

Takk til våre støttespelarar og eigarar for støtte til å starte året med besøk av over 1000 barn og unge med desse to framsyningane ✨

10/01/2024

I januar kjem 900 elevar frå 6.klasse i Oslo på besøk!

Måndag denne veka hadde vi premiere på framsyninga Ein dag i Nynorskens hus, ein interaktiv vandreframsyning om norsk språkhistorie.

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 20/12/2023

Takk så mykje til Sparebankstiftelsen for deira støtte til framsyninga Pinocchio som har premiere på Nynorskens hus fredag 02.02.24 klokka 19:00. Vi kjem tilbake med full speleplan på nyåret.

På fredag var vi på tildelingsarrangmentet saman med vår styreleiar Magni Hjertenes Flyum frå Noregs Ungdomslag.

Fylt av glede over denne tildelinga vil vi ønskje de alle ein riktig god jul🎄

Photos from Den Mangfaldige Scenen's post 14/12/2023

I år har våre instruktørar Shwan Wahed og Jeaninne Masika Harrysson vore på Noregsturné med Vi er alle på veg heim. Les om “medvandring” og “hjarteord” i artikkelen Tori Flaatten Halvorsen har skrive om prosjektet på https://nynorsksenteret.no/blogg/pa-leiting-etter-ord-alvor-og-leik

Foto: Tori Flaatten Halvorsen.

Artikkelen er først publisert i tidsskriftet Norsklæreren (språk, litteratur og didaktikk) nr. 3 2023 og omsett til nynorsk av G**o Kristin Gjøsdal for Nynorsksenteret.

01/12/2023

🤥 Velkomen til første visning med publikum for Pinocchio torsdag 14.12.23 klokka 19:00 på Nynorskens hus 🤥

Framsyninga er gratis og tilrådd frå 7 til 14 år. Du treng ikkje billett, berre møt opp!

Sjå https://www.facebook.com/share/Ftsk32FPKPmcxYhJ/?mibextid=9l3rBW for meir informasjon🤥

Vil du plassere din bedrift på toppen av Kunst & Underholdning-listen i Oslo?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Om Den Mangfaldige Scenen

I 1913 etablerte Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og Noregs Ungdomslag (NU) Det Norske Teatret (DNT).

Eit teater som skulle vere døropnar inn til eit språkleg og kulturelt mangfald. 100 år seinare bygger DNT, BUL og NU opp eit nytt norsk barne- og ungdomsteater, Den mangfaldige scenen. 260 barn og unge, 30 vaksne kunstnarar og mellom anna Norsk kulturråd, Kunsthøgskolen i Oslo og Fritt Ord støttar prosjektet.

Dette er eit scenekunsttilbud der unge mellom 6-26 år med ulik kulturell bakgrunn og interesser, kan ta i bruk skapande evner.

Vi vil ha eit teater som viser dagens kulturelle rikdom. Vi vil få fram nye kunstuttrykk i møte mellom unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. Pr år har DMS om lag 150 aktive i ulike kurs og framsyningar. Vi har mål om å ha deltakarar som speglar heile Oslo sin befolkning.

Hovudscenene er Nynorskens hus i Rosenkrantz' gate 8 og på Det Norske Teatret.

Videoer (vis alle)

Ein liten oppsummering frå eit travelt år 🚀 Takk til alle instruktørar, utøvarar, tilsette, samarbeidspartnarar og publi...
Dette kan du oppleve på feiringa av 100 år med bygder i byen på det Norske Teatret i kveld! 🤩Den Mangfaldige Scenen bidr...
Hald av fredag 03.11 til søndag 05.11 for Den Mangfaldige Festivalen! Meir informasjon om programmet kjem, så følg med f...
Vi er i full gang med øvingane til Pinocchio 🤥Framsyninga har premiere med @dks_oslo i februar 2024 og ein open før-prem...
I heile januar blir Ein dag i Nynorskens hus spilt for 6. klassinger får heile Oslo!Foto: Maria Ellingsen Austbø
Vi øver og øver og gler oss skikkeleg til å vise Dustefjerten og den store sommarferieturen til dykk alle 😎
Gullfebla – øving 🎭

Type

Telefon

Adresse


Rosenkrantzgate 8
Oslo
0159

Andre Teatre i Oslo (vis alle)
Nationaltheatret Nationaltheatret
Johanne Dybwads Plass 1
Oslo, 0161

Nationaltheatrets Facebook-side er for deg som vil få med deg siste nytt fra Norges største teater – på og av scenen.

Jo Strømgren Kompani Jo Strømgren Kompani
C/o Sentralen, Øvre Slottsgate 3
Oslo, 0157

Norwegian dance/theatre company with a wide global distribution.

Black Box teater Black Box teater
Marstrandgata 8
Oslo, 0566

Billetter selges på www.ticketmaster.no, tlf 815 33 133. www.blackbox.no Meld deg på nyhetsbrevet vårt her: https://blackboxteater.mailmojo.no/forms/subscribe/5871/

Scenekunstbruket Scenekunstbruket
Kabelgata 19
Oslo, 0580

nasjonalt kompetansenettverk og formidler av scenekunst i Norge, med hovedvekt på et ungt publikum

Robin A. Eriksen - scenekunst Robin A. Eriksen - scenekunst
Oslo

På denne siden postes nyheter og kommende arrangementer.

Бриз. Русский театр в Осло. Бриз. Русский театр в Осло.
Oslo, 0170

Rike russiske teateret for norske publikum. Vi framfører på russisk språk med norske undertekster.

Den Lokale Venneforening Den Lokale Venneforening
Oslo

Den Lokale Venneforening er en nyetablert scenekunstgruppe drevet av Sophie Barth og Katarina Caspersen. Vår første forestilling "Historier om Forlatte Hus" finner sted 26. - 27. j...

Syng Saleh Syng Saleh
Oslo

Hva om gutten kunne reise på en liten fugl som migrerer mellom Syria og Norge? Hva om han kunne gj?

Oslos største improcup Oslos største improcup
Langkaia 1
Oslo, 0150

17.-18.februar skal vi på nytt kåre Oslos beste improgruppe 2023!

Teater Neuf International Teater Neuf International
Slemdalsveien 15
Oslo, 0369

English-speaking theatre group putting on productions at Chateau Neuf in Oslo!

Bohemene Bohemene
Niels Juels Gate 9a
Oslo, 0272