Det Norske Teatret

Bli med inn i kulissane og sjå den usensurerte kvardagen i eit hus fullt av drama.

Photos from Det Norske Teatret's post 26/09/2024

I kveld er drabantby-eventyret over! 😰😭
«den sanneste historien om Norge du kan oppleve fra en scene denne høsten» skreiv Dagsavisen da Tante Ulrikkes Vei av Zeshan Shakar hadde premiere i 2019, og dei trilla femmaren på terningen. 150 kveldar har det blitt med denne framsyninga, som har rørt så mange publikumarar. I kveld vil skodespelarane for siste gong komme ut på scenen etter teppefall for å gi klemmar og ta imot publikums reaksjonar. Eller kanskje det blir publikum som må trøyste skodespelarane? Store kjensler vil det i alle fall bli, som det alltid er, når ei framsyning som har levd lenge går av plakaten. 💔

Tusen takk til Manish Sharma, som tora å debutere i hovudrolla som Mo. Henda i veret for Gaute Adela Aastorp Cudjoe, som har sjarmert tusenvis som den gatesmarte Jamal. Takk til Thomas Bipin Olsen, som også har spelt Mo. Og takk til Ragnhild Meling Enoksen, Sarah Francesca Brænne, Maria Austgulen og Julie Støp Husby, som har vore Maria og Sarah. Og til slutt: Mona Huang Høivik, som hoppa inn i denne rolla i haust. Sist men ikkje minst takk til regissør Victoria Meirik som fekk det heile til å leve på scenen. Vel blåst - og tvi tvi med siste kvelden med gjengen!! 💖🎭💖

23/09/2024

Det Norske Teatrets teaterklubb for ungdom mellom 11-15 år med interesse for alle teaterets element!
Er du nysgjerrig på teater og scene, eller kjenner nokon som er det?

Anten ein er interessert i å stå på eller bak scenen, eller berre vil snuse litt på teater, er ein velkommen til å delta på Rebell!
Her vil du få vere med på kurs i mellom anna beatboxing, skodespel, hip hop, lysdesign, collage/tekstilkunst, scenografi og scenelyd.

Prosjektet går føre seg om ettermiddagane hausten 2024 på ulike ungdomsklubbar i Groruddalen og på Rommen Scene. Prosjektet går føre seg i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen.

Det er gratis å delta.
Du treng ikkje å søke, berre kom som du er!

Du får:
- Utfalde deg både på, framom og bak scenen
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan sine kunstfelt
- Gratisbillettar til teaterframsyningar!

Du kan bli med i teaterklubben Rebell anten på Rommen Scene, Lindeberg Klubben, Vestliklubben eller Haugenstua Fritidsklubb.

Les meir her:
https://www.detnorsketeatret.no/rebell

Photos from Det Norske Teatret's post 22/09/2024

Er du lærar og har lyst til å ta med klassen din for å oppleve Spynorsk The Musical eller Snøsøstera hos oss? 🤣❄️

Søk om gratis billettar i OBOS Billettfond! Søknadsfrist 1. oktober.
Følg lenka for meir info: https://www.detnorsketeatret.no/skoleaktivitetar/billettfond-for-skole

Nyheitsbrev 19/09/2024

Visste du at vi har nyheitsbrev? Melder du deg inn no så får du 30% på ditt første kjøp!
Følg lenka for påmelding: https://www.detnorsketeatret.no/nyheitsbrev

Sest i innboksen 😘

Nyheitsbrev Her kan du melde deg på nyheitsbrevet vårt og få informasjon og gode tilbod frå Det Norske Teatret.

19/09/2024

For fem år sidan stod Manish Sharma bak scenen og trudde han skulle døy. Ikkje berre skulle han debutere som skodespelar, men han hadde sjølvaste hovudrolla som Mo i suksessromanen Tante Ulrikkes vei. Tenk om folk gjennomskoda at han eigentleg ikkje var ein unggut frå Stovner, men ein saksbehandlar frå Haugesund?

Les heile intervjuet med godgutten her: https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/manish-sharma-livredd-for-a-bli-gjennomskua

18/09/2024

Heidi Broch har dykka ned i Beate Grimsruds siste roman. Fem hundre sider med kreft, smertefull behandling og endelaus venting på testsvar er kanskje ikkje draumelektyren, men så er det heller ikkje nett det "Eg føreslår at vi vaknar" eigentleg handlar om.
Les heile intervjuet her: https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/heidi-gjermundsen-broch-om-eg-foreslar-at-vi-vaknar


Charlotte Frogner Toril Solvang-Kayiambakis

14/09/2024

Gjekk du glipp av Snøsøstera sist? 😱 No har du igjen sjansen til å oppleve Maja Lundes magiske juleforteljing på scenen. 12. oktober er dei tilbake på Hovudscenen. Så her er det berre å samle flokken, dette blir kos!! 💖🎭🌠

12/09/2024

Kva er greia med video i teateret?
Er video i teateret eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!

Lytt her: https://open.spotify.com/episode/6b5YkeMjDk3U8YoTwZoxHM?si=MzfVCEN4Sb6d0DTG7kcfNg&nd=1&dlsi=0113e41249ea4719

Photos from Det Norske Teatret's post 08/09/2024

Henny Moan er død, 88 år gammal. I over 60 år har ho vore ei særeiga og tydeleg stemme innanfor norsk teater og film. Henny Moan blei fødd i Talvik i Finnmark i 1936. Ho vaks opp Sør-Troms, og berre 17 år gammal flytta ho til Oslo for å bli skodespelar. Henny Moan var student på det første kullet på Statens Teaterskole, og debutert som skodespelar i 1955, nettopp her på Det Norske Teatret.
I nærmare 40 år var Henny Moan ein viktig skodespelar i ensemblet vårt. Talentet hennar spente vidt. Ho spelte gresk tragedie med same overtyding som moderne samtidsdramatikk, ho spelte ut humoren side om side med melankolien. Ho har tolka dei fleste store kvinnerollene til Henrik Ibsen, Strindbergs Frøken Julie, Jeanne de Arc og mange av dei store kvinnerollene i russisk dramatikk.

Henny Moan sa ein gong at som skodespelar var det ikkje seg sjølv ho ville vise fram. Ho ville vise menneska korleis dei sjølve var.
Antikrigsstykket Ad Astra var hennar offisielle avskjed med scenen på Det Norske Teatret. Ho gav ei sterk tolking av ei eldre kvinne som ser tilbake på livet. Tematikken i stykket var også viktig i hennar eige liv. Ho hadde kjent krigen på kroppen. I likskap med resten av folket i Finnmark, måtte ho og familien hennar reise sørover då den tyske okkupasjonsmakta tvangsevakuerte fylket mot slutten av
andre verdskrigen.
Kan hende var det denne opplevinga av urett i ung alder som vekte det sterke samfunnsengasjementet til Henny Moan. For gjennom livet gav ho ikkje berre stemme til andre på teaterscenane, filmlerretet og gjennom eit utal opplesingar. Ho var også engasjert som lokalpolitikar, samfunnsborgar og medmenneske. I 2020 blei ho tildelt St. Olavs orden for sin framifrå innsats for
norsk kunst- og kulturliv.

Henny Moan har sett varige spor etter seg i norsk teater. Vi lyser fred over minnet hennar. ❤️

06/09/2024

Jente, 1983.
Urpremiere i kveld.

Tvitvi til alle involverte 🙏🏼🫶🏼.
🎫 https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar?id=827392

Gjertrud Jynge Gina Bernhoft Gørvell Luk Perceval & Co

Photos from Det Norske Teatret's post 04/09/2024

Ei seksten år gamal jente har gått seg vill i dei ukjende gatene i Paris. På ein lapp har ho adressa til ein tretti år eldre fotograf. Nesten førti år seinare prøver den vaksne kvinna å forstå den unge jenta ho ein gong var.

Linn Ullmanns kritikarroste roman dramatisert av Luk Perceval.

Jente, 1983 ⚫️ Urpremiere 6. september.
Les meir her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/jente-1983

Photos from Det Norske Teatret's post 31/08/2024

I kveld kan du sjå vår Hedda Gabler, Jae Nyamburah, i laurdagsportrettet i Dagsrevyen. 🌟
Medan du ventar, kan du sjå her kor kult det ser ut når heile ensemblet spelar ut dramaet om Ibsens råaste dame! 🥹

Billettane til framsyninga finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/hedda-gabler

Foto: Pernille Sandberg

Photos from Det Norske Teatret's post 22/08/2024

No har vi fantastiske nyheiter til dykk! 🥰 Vi er så heldig å ha fått inn sjølvaste De Mi Tierra på huset. Med den nye sprett-opp restauranten SUR by De Mi Tierra skal dei servere dei herlegaste sør-amerikanske retter, med inspirasjon frå både det eine og andre kontinent.

I samband med opninga av bordbestilling loddar vi ut noko spennande på Instagram. Spring inn på for å delta! 😎
Om du ikkje har det i deg å delta så er det berre å tinge bord her: https://www.detnorsketeatret.no/sur

Takk til læraren! | Bakgrunnsartiklar 19/08/2024

- Du må ikkje tenkje på å studere ved universitetet. Bli skodespelar!..sa norsklæraren til Frank Kjosås. Og det er både han og vi glade for i dag.
Denne dagen er tusenvis av forventningsfulle barn på veg til den første skoledagen etter ferien. Ved kateteret står ein som kan få større betydning for nokre av elevane enn dei er klare over. Fleire av skodespelarane ved Det Norske Teatret hadde ein slik lærar; ein som såg noko spesielt i dei og som var avgjerande for yrkesvalet. Manish Sharma, Frank Kjosås og Kjersti Dalseide er tre av dei.
Vi seier berre: Hurra for alle lærarar der ute! ❤️🌟

Takk til læraren! | Bakgrunnsartiklar Mange skodespelarar har hatt lærarar som endra kursen i liva deira. Frank Kjosås, Manish Sharma og Kjersti Dalseide er tre av desse.

24/07/2024

Ho ho ho, gledeleg 24. juliaftan 🎄
Psst. Legg frå deg solkremen ein augneblink! Vi veit det er tidleg, men no når du er i lag med familie, ein venn eller to, er det lurt å planlegge noko triveleg før jul. 🎅🏼🥰🤶🏼

Herborg Kråkevik og ein stjernepose med artistar drysser julestemning over teateret tre søndagar i advent. Så ta deg fem minutt for å planlegge den koselegaste førjulskvelden med dei du er glad i!

Billettane finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/juleroser

Velkommen til Juleroser 🎄❤️

Biten av musikal 10/07/2024

Det er avgjort, det blir ekstra framsyningar med Biten av musikal, MEN du må vere lyn-kjapp. 🥳🥳🥳 Det blir berre sett opp 3 ekstra framsyningar. Som vil seie - spring å ting!!

Håpar sjå deg i salen 🥰

Billettane finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/biten-av-musikal

Biten av musikal Vi opnar boksen med musikalske perler frå ei tradisjonsrik og lang musikalhistorie!

07/07/2024

Gjertrud Jynge er aktuell når dramatiseringa av Linn Ullmanns bestseljande roman Jente, 1983 finn vegen til Det Norske Teatret i haust. Sjølv meiner ho at romanen seier vel så mykje om ei kvinne på hennar eigen alder.

Les heile intervjuet her: https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/kvinne-2024

Photos from Det Norske Teatret's post 03/07/2024

Usikker på kva du skal lese og lytte i sommar? 📚📻☀️
Ikkje få panikk, vi har samla nokre forslag til lesing og lytting i sommar, både rykande ferske utgjevnader og noko litt meir modent gull. Barn, ungdom, eller vaksen – her er noko for alle!

Tipsa finn du her:
https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/lese-og-lytte-i-sommar-vi-har-gode-tips

29/06/2024

Happy Pride! ❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🖤🩶🤍🤎
Og eit ekstra stort gratulerer med dagen til Oslo Pride som fyller 50 år 🌟

Photos from Det Norske Teatret's post 19/06/2024

🏳️‍🌈🏳️‍⚧️❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🖤🩶🤍🤎🏳️‍⚧️🏳️‍🌈
«Eg elskar ‘pink washing’!» - Aase Ivarsen
🏳️‍🌈🏳️‍⚧️❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🖤🩶🤍🤎🏳️‍⚧️🏳️‍🌈

Partileiar Aase Ivarsen har vore ute og brusa med fjøra nok ein gong. Denne gongen er det dei homofile som skal bli lokka til det ferske partiet! Ho har gitt seg sjølv tittelen «Noregs største homovenn». Dét forpliktar.
Les heile intervjuet med ei Prideklar Aase Ivarsen, her: https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/eg-elskar-pink-washing

Oslo Pride fyller heile 50 år, derfor gir vi ein ellevill homorabatt!! 50 % avslag på Spynorsk. The Musical. til alle som kjenner seg meir eller mindre homo! Med varm helsing frå Aase Ivarsen og Ivar Aasen.
Rabattkoden: rosahomo gir -50 % på billettar til ordinærpris på Spynorsk. The Musical. Rabattkoden er gyldig 19.-29. juni.

🏳️‍🌈🏳️‍⚧️❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🖤🩶🤍🤎🏳️‍⚧️🏳️‍🌈
«Det er dyrtid for homsane også.» - Aase Ivarsen
🏳️‍🌈🏳️‍⚧️❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🖤🩶🤍🤎🏳️‍⚧️🏳️‍🌈

Photos from Det Norske Teatret's post 18/06/2024

Trass i varierande sommarvêr, verkar hausten milevis unna. Det hindrar ikkje oss i å snakke om det vi gler oss aller mest til, nemleg teaterhausten. Endeleg kan vi presentere dei fire siste framsyningane vi skal spele, og friske opp dei vi allereie har presentert.

🎭 Under open himmel: Når regissør Erik Ulfsby rundar av som teatersjef er det dei store spørsmåla som skal under lupa:
Religion, krig, verdien av kunst og sjølve meininga med livet.
På scenen står Peiman Azizpour, Amell Basic og Geir Kvarme, og det visuelle uttrykket er skapt av bildekunstnaren Lars Ramberg.

🎭 Eg føreslår at vi vaknar: No blir historia for første gong til teater, og det er skodespelar og regissør Charlotte Frogner som står for regien.
Det handlar om fornekting og det å leve med alvorleg sjukdom. Men forteljinga er også ei hylling av kjærleiken, menneska og alle dei små hendingane som er sjølve livet.

🎭 Ellen Babic: Peer Perez Øian har tidlegare regissert stykket Eks i trilogien, og no står Ellen Babić for tur. Det er nok ein gong snakk om eit kammerspel der publikum blir vitne til at fasaden sprekk og fortida står fram i eit nytt og grelt lys.

🎭 Campingkompaniet: Campingkompaniet har blitt kjende land og strand rundt for dei friske og leikne eventyrframsyningar sine, fortald med enkle teatereffektar dei får plass til i minibussen sin. (Men det er faktisk ikkje lite!) Denne gongen tek dei både bussen, Oskeladden og prinsessa med seg til Scene 3.

I tillegg til dette kan du sjå Hedda Gabler, Jente, 1983, Jazz på nynorsk, Snøsøstera og Juleroser ++
Vi kan ikkje seie anna enn at denne hausten blir ein godtepose for både den eine og den andre - gled deg!

Les om heile hausten her: https://www.detnorsketeatret.no/bakgrunnsartiklar/teaterhausten-2024

Photos from Det Norske Teatret's post 16/06/2024

I kveld har vi feira norsk teaterbransje på sitt beste! 🕺🏻💃🏻
Vi gratulerer alle nominerte og vinnarar og gler oss stort til å oppleve teaterframtida. Ekstra stas var det også at vår tidlegare dramaturg Cecilia Ölveczky vann Heddakomiteens ærespris! ❤️

«Hun er genuint opptatt av teatrets iboende kraft, og har med sin stillferdige tilstedeværelse og sitt innstendige arbeid med tekst, regi og dramaturgi gjennom et langt og produktivt yrkesliv, preget norsk teater langt utover den enkelte produksjon. Hennes arbeid vil fortsette å pulsere gjennom nye tider i norsk teater som en evig og varm påminnelse om teatrets evne til å vekke intellektuelt og følelsesmessig engasjement.»

Vi tek snart sommarferie, men det er verkeleg berre å gle seg til hausten og meir teater! ☀️🌻⛱️

Photos from Det Norske Teatret's post 15/06/2024

««MomA» lister seg dermed inn i to av vår tids mest brennbare kunstdebatter: Identitetspolitikken og virkelighetskunsten. Ja, hvem har rett på historien?» - Aftenposten 🤩

MomA går mot slutten og i kveld speler vi for aller siste gong. Om du vil rekke få med deg suksessen må du vere rask. 😎
Billettane finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar?id=735025

11/06/2024

I kveld speler Hør Her´a!-gjengen si siste framsyning. 😞 Har du endå ikkje fått med deg denne suksessen så er det berre å springe til https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/hor-her-a 🗣️
Det er nemleg få ledige billettar igjen! 🪫

Vil du plassere din bedrift på toppen av Kunst & Underholdning-listen i Oslo?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Historia vår - trass alt!

«Lat då stå til!
Lat oss grunnleggje
Det Norske Teatret!»
ropte Arne Garborg i 1912.
Hulda hadde truleg puffa på han:
«Syng ut, du, for du blir truleg hørt!»
Hørt vart ho elles sjølv
– og ikkje minst sett, vil eg tru –
der ho med spelflokken sin
alt var i sving
utover det ganske land
med nettopp å grunnleggje
Det Norske Teatret.
Men grunnsteinane, sa Garborg – kanskje hadde han
det frå Hulda, det òg – grunnsteinane var det
ungdommen rundt om i landet som la
ved sin trong til teater
og ved dei spelstykke-framsyningar
dei sjølve fekk i stand. «

Dette vesle utdraget frå prologen til Halldis Moren Vesaas, skriven til opninga av nybygget i 1985, gjev eit godt bilete av drivkreftene i teatrets historie. Det var og er ein del av ei folkerørsle der vidareføringa av Ivar Aasens målreisingsarbeid var både mål og middel. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det derfor at ein skal «syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by». Å leggje eit nynorskteater til hovudstaden, sjølve senteret for embetsmannskulturen og den dansk-norske språktradisjonen, var sjølvsagt eit vågestykke, men også heile poenget. Det var her striden måtte førast. Og noko mindre enn det smålåtne namnet «Det Norske Teatret» kunne ikkje duge. Inspirasjon til «målteatret» hadde Hulda og Arne Garborg henta i Berlin, frå sine reiser dit i 1890-åra og omgangen med kunstnarar ved «Freie Volksbühne», eit folkeleg selskap for litteratur og teater.

Sjå gjerne denne filmen som oppsummerer historia vår - og kva vi jobbar for i dag: https://vimeo.com/187384388

DET NORSKE SPELLAGET

Videoer (vis alle)

Ingrid Bjørnov var ein av dei som hadde tusja SP og M på den gule, nynorske ordlista si på skolen. 📒 Sjølv med to lærarf...
Luk Perceval har lese mykje, bur på ein seglbåt og er yogalærar i tillegg til å vere teaterregissør og dokumentarfilmska...
Og med det tek Språkoppdraget ein velfortent sommarferie. ⛱️🌻☀️Dagens tips: last ned episodane våre, så kan du lytte kva...
Vi på Det Norske Teatret ønskjer alle følgjarane våre ein fantastisk sommar. ☀️👏🏼 Vi held sommar-stengt fram til 5. augu...
Siste sjans til å sjå Hør her´a!
Og slik får du ei rein og fin motorsag - klar til sommaren. 😍🪵🕺🏻 Og du.. Heil ved speler siste framsyning før sommaren n...
Er du, som vêret, usikker på kva som skjer til helga? 😶‍🌫️ Her har du nokre tips som forhåpentleg held deg tørr i eitt p...
Biten av musikal? 🎶🎶🎶 Kun fire gonger att. Spring og ting🕺🏻💃🏻💨 billettane finn du på www.detnorsketeatret.no #teater #mu...
Ny veke - ny episode 😍 I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen Spynorsk. The Musical. nemle...
"Plutseleg deisa dette prosjektet ned i fanget mitt og eg visste ikkje heilt korleis eg skulle stille meg til det. Først...
Lurar du på korleis teaterhuset ser ut frå innsida?! 🤩Velkommen til omvising hos oss. Her får du oppleve ein travel og s...

Telefon

Adresse


Kristian IV’s Gate 8
Oslo
0164

Andre Teaterproduksjoner i Oslo (vis alle)
Oslo Nye Teater Oslo Nye Teater
Rosenkrantzgate 10
Oslo, 0159

Oslo Nye Teater - hele byens teater. Få med deg smakebiter på forestillinger, spennende konkurranser, bilder, videoer og siste nytt fra byens eget teater! #oslonye

Vega Ung Teater Vega Ung Teater
Hausmanns Gate 28
Oslo, 0182

Vega Ung Teater er en teatergruppe som leser, eksperimenterer og iscenesetter ny dramatikk på Vega Scene i Oslo. Vega Ung Teater på Youtube: https://www.youtube.com/channel/UC9ns...

Blòt Blòt
Langkaia 1
Oslo, 0150

Blòt er en immersiv teateropplevelse som spilles i saunaene på SALT art & music denne sommeren. Regi: Lars August Jørgensen Medvirkende: Vilde Moberg, Astrid Serine Hoel og Vilde...

Hafnor/Erichsen Hafnor/Erichsen
Bølerlia 59
Oslo, 0691

Hafnor/Erichsen er en scenekunstnerduo som består av Svend Erichsen og Marie Hafnor.

Eventyr i naturen Eventyr i naturen
Oslo

Ta med familien på et vandreteater for barn med ulike eventyr og fortellinger ute i naturen. Barna får lyttet og være med å bidra i fortellinger og eventyr på en helt annen måte.

Sprengt Teater Sprengt Teater
Oslo

Sprengt Teater er et teater-kompani som produserer og utvikler eget materiale for den vide og smale verden. Kompaniet ble dannet i 2022 og består per dags dato av hele kull 13 fr...

Supersøndag på SALT Supersøndag på SALT
Langkaia 1
Oslo, 0150

Supersøndag er SALT sitt nyeste gratiskonsept for barnefamilier. Vi har Supersøndag hver søndag fra 30.04-06.08. Følg med for oppdateringer på fremtidige arrangementer.

Christiania Teater Christiania Teater
Stortingsgata 16
Oslo, 0161

Et historisk privatdrevet teater i hjertet av Oslo som produserer kvalitetsteater 🌟

Teater.info Teater.info
Oslo

Siden er under arbeid. (Privat initiativ/ikke-profiterende)

Oslo International Theatre Oslo International Theatre
Oslo

Oslo International Theatre is where stories come alive. Presenting work by a company of internationa

Mine Nilay Produksjoner Mine Nilay Produksjoner
Oslo

Teaterproduksjoner driftet av Mine Nilay Yalcin; regissør, dramatiker, utøver.

The Norwegian Ibsen Company The Norwegian Ibsen Company
Oslo

Det Norske Ibsenkompaniet