Noregs Ungdomslag

Kulturorganisasjon med 14 000 medlemmer og nær 400 lokale ungdomslag.

Photos from Noregs Ungdomslag's post 22/07/2024

Festtog og setesdalsbryllaup fylte heile Arendal sentrum laurdag under NORDLEK 2024 💃🏼 Hundrevis av flotte bunader, musikk, dans og nok ein solskinnsdag ☀️

Mykje flott blinkskot finn du via denne sida: https://www.ungdomslag.no/bodstikka/foto-fra-nordlek-2024

📸 Kulturfotografen As Thor Hauknes/Noregs Ungdomslag

Avslutningstale NORDLEK 2024 22/07/2024

TUSEN TAKK til alle som gjorde NORDLEK 2024 til ei fantastisk festivalveke i Arendal ❤️ Eit minne for livet og ein skikkelig laginnsats!

På ungdomslag.no kan du lese avslutningstalane til NU-leiar Torbjørn Bergwitz Lauen og festivalleiar Edvard Lauen 👏🏻

Aust-Agder ungdomslag ⎜ Vest-Agder Ungdomslag ⎜ Arendal kommune

Avslutningstale NORDLEK 2024 Les avslutningstalane frå Noregs Ungdomslag og Nordlek.

Photos from Noregs Ungdomslag's post 20/07/2024

Go'kartevling på Kanalplassen fredag under NORDLEK 2024 🕺🏼
Mange spreke utøvarar tevla i skinkompas og hattespark i strålande vêr, under stødig leiing av Audun Grüner-Hegge.

Imponerande innsats - takk til alle deltakarar som stilte opp 🙌🏼

📸 Kulturfotografen As Thor Hauknes
Fleire bilete på Flickr: https://flic.kr/s/aHBqjBAfsp

Photos from Noregs Ungdomslag's post 20/07/2024

Onsdag kveld fekk vi oppleve "Kystnært" - plateslepp- og dansekonsert med flotte Floating Sofa Quartet & G**o Kvifte Nesheim 🎻
Gratulerer med ei nydeleg plate!

NORDLEK 2024 ⎜ Taragot Sounds

📸 Kulturfotografen As Thor Hauknes

Photos from Noregs Ungdomslag's post 19/07/2024

Takk Storm Weather Shanty Choir for ein fantastisk konsert i under NORDLEK 2024 i Arendal Kulturhus i går kveld 💥 Allsong, heng-på-dans og høg festfaktor!
I dag fekk også ein god gjeng med seg kurs i Shanty med Haakon Vatle ⚓️

📸 Kulturfotografen As Thor Hauknes
Fleire foto finn du her: https://flic.kr/s/aHBqjBAfsp

Foto frå NORDLEK 2024 18/07/2024

Vi har med oss ein fantastisk fotograf på NORDLEK 2024 i Arendal 📸
Om du vil følge med på kva som skjer i Arendal og sjå bilde frå festivaldagane kan du klikke deg inn på nettsida vår og sjå mange fine glimt.

Vi oppdaterer med nye blinkskot fortløpande ✨

Takk til Kulturfotografen As Thor Hauknes for alle dei fine bileta!

Foto frå NORDLEK 2024 Her kan du sjå bilete frå NORDLEK 2024 i Arendal.

Photos from Noregs Ungdomslag's post 18/07/2024

NORDLEK 2024 på dagtid inneheld ei drøss med kurs!
I går kunne glade festivaldeltakarar lære seg mellom anna rørospols, svenske engelskor, danske turdansar, finsk tango, færøydans og dansar frå Grønland 💃🏼
Desse kursa blir gjort på dugnad, og vi sender ein stor takk til alle som bidreg frivillig i samband med festivalen 💙

Ekstra stas at vi fekk med oss reporteren frå NRK Sørlandet i ein rørospols 🙌🏼

📸 Kulturfotografen As, Thor Hauknes

Photos from Noregs Ungdomslag's post 18/07/2024

NORDLEK 2024 i Arendal ✨
Over 2000 dansarar og musikarar frå heile Norden er no godt i gang med fantastiske festivaldagar midt i Arendal sentrum!

Tysdag vart festivalen opna med ei spektakulær framsyning i Pollen med dans og musikk i båtar, på og under vatn 🫧 Takk til alle utøvarane for ei unik oppleving 👏🏻

📸 Kulturfotografen As, Thor Hauknes

Photos from Noregs Ungdomslag's post 17/07/2024

Rundt 130 ungdom frå Sverige, Danmark, Finnland, Grønland, Færøyene og Noreg har i fem dagar vore på sommarleir i Arendal i framkant av NORDLEK. Dagane har gått til kurs i dans, teater, saum og spel. Kveldane har vart langt ut i natta med dans, song og buttons-laging. Og vi har hattdei faste innslaga med både heklelaup, nattdebatt, volleyballturnering og improkappleik :)

10/07/2024

Storm Weather Shanty Choir har i over 20 år reist verda rundt med den rå sjantisongen sin, og gitt ut seks album som har blitt strøyma meir enn tre millionar gonger. Sjanti, eller shanty på engelsk, var arbeidssong for sjølvfolk i seilskutetida. Songane kan vere både mjuke og kraftufulle, og er fleksible med stort som for improvisasjon for å tilpasses arbeidet.

Les heile saka her: https://sideblikk.agderposten.no/sideblikk/article/full-storm-med-sjanti-i-arendal-kulturhus

09/07/2024

"Under NORDLEK i Arendal 16.-20. juli er det utstillingar både i Arendal kulturhus, i Kulturkammeret på Kanalplassen, i og i Arendal bibliotek. Den største utstillinga har tittelen BUNADER, FOLKEDRAKTER OG HÅNDVERKSTEKNIKKER, og står i 2. etasje i Arendal kultur- og rådhus. Der viser Aust-Agder Knivlag fram bunadskniver, og sølvsmed Ørnulf Hasla frå Valle viser fram bunadsølv og ein kopi av eit gamal brurelad frå Setesdal. Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk er ei vandreutstilling som viser 70 nysydde hovudplagg frå store delar av Norge. På denne delen avutstillinga vil du kunne sjå eit utval folkedrakter og bunadar, i tillegg til handverksteknikkar brukt i produksjonen av desse."

Les heile saken her: https://sideblikk.agderposten.no/sideblikk/article/nordlek-i-arendal-dans-soelv-kniv-og-bunader-paa-utstilling

Photos from Noregs Ungdomslag's post 09/07/2024

Kun 3 dagar att til vi på sjåast på Nordisk Sommarleir i Arendal! Kjem du på fleire funfacts om dei nordiske landa?

08/07/2024

"Åpningsseremonien i Pollen blir ei spektakulær forestilling i vannskorpa. Det er mange involverte musikarar og dansarar, som åpnar NORDLEK, den største nordiske folkedans- og folkemusikkfestivalen i Arendal 16. juli."

Les heile saken her: https://sideblikk.agderposten.no/sideblikk/article/spektakulaer-nordlek-aapning-i-vannskorpa-i-pollen

Photos from Noregs Ungdomslag's post 08/07/2024

Det er berre fire dagar att til sommarleir, og vi gler oss til å verte kjend med ungdomar frå heile norden!

Kor mange av dei nordiske språka klarar du presentere deg på?

01/07/2024

Juni var Pride-månad over heile verda, og Noregs Ungdomslag håpar alle hadde ein gledeleg og trygg Pride-feiring!

💜💙💚💛🧡❤️💜💙💚💛🧡❤️💜💙💚💛🧡❤️

I Noregs Ungdomslag arbeider vi for at alle skal bli inkludert i organisasjonen.
For å sikre det gode samhaldet i organisasjonen skal både medlemmar og tilsette vise respekt for alle menneske som deltek i aktivitetane våre, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, religion, livssyn, seksuell orientering, funksjonsevne, sosial status, etnisk tilhøyrsle eller politisk ståstad.
NU tek avstand frå alle former for diskriminering, trakassering og mobbing.

💜💙💚💛🧡❤️💜💙💚💛🧡❤️💜💙💚💛🧡❤️

21/06/2024

Kva gler du deg til å lære av våre nordiske venner?

FolkLeiarUng DANS 21/06/2024

Er du mellom 15-23 år og over snittet interessert i folkedans og -musikk? Då kan du søke om plass på FolkLeiarUng innan 9. august 🕺🏼

Noregs Ungdomslag er no med som samarbeidspart på FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans sitt flotte prosjekt for å utvikle unge leiarar/pedagogar på dans og musikk, og i år er fyrste prosjektår der dansarar også kan delta.

I løpet av to helgesamlingar får du ein møteplass der du får utvikle deg som pedagog og leiar, samt oppfølging av dei dyktige instruktørane mellom samlingane. Instruktørane er: Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland (musikk) + Anna Liv S. Gjendem og Ina Maria Cyrus (dans) 👏🏻

Les meir i saka på nettsida, og merk deg søknadsfristen 9. august ❗️ Vi håpar mange vil sende inn søknad i samarbeid med laget sitt, så hjelp oss å spreie ordet til aktuelle kandidatar 🌱

FolkLeiarUng DANS Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august.

10/06/2024

🗓️ Velkomen til Opent NU-kontor ikveld frå kl. 18:00!

Ikveld er det kulturrådgjevar på folkedans Solveig og organisasjonsrådgjevar Ida som sitt klare for å møte dykk. Her kan du blant anna stille spørsmål, få hjelp til det du måtte trenge eller berre slå av ein prat.

❗️ Les meir på https://www.ungdomslag.no/arrangement/opent-nu-kontor.

08/06/2024

Bli med på kortkurs i Geriljabroderi. Her lærer du å brodere korssting samtidig som du kan få ut litt frustrasjon fra kvardagen, med nål og tråd.

Velkomen til Nordisk sommarleir!

03/06/2024

Nyhende! Det vert språktema 🗣️

Photos from Noregs Ungdomslag's post 31/05/2024

Bli med på sommarleiren - dette vert råkjekt!

Påmelding og meir informasjon på heimesidene våra :)

29/05/2024

Kari held langkurs i musikal og kortkurs i monolog!
.. Kunne du tenke deg eit kurs i musikal? 🎭

Musikal er den ypparste formen for scenekunst! Her kombinerar vi disiplinane teater, song og dans. I musikalkurset tek vi for oss kjente songar frå musikalverda, jobbar med koreografi og songteknikk og bygger vår eigen historie rundt songene. Kurset byr på høgt tempo, hardt arbeid, ny kunnskap og masse moro.

Deltakarane får tilsendt lydfiler og tekster før kurset slik at ein kan gjere seg kjende med materialet vi skal jobbe med.
.. Eller kva med eit kurs i monolog? 🎤

Å stå aleine på scena er vanskeleg. Du må hente alle impolsar frå deg sjølv og teksten du framfører. I dette kurset arbeidar vi med skodespelarteknikk for stemmebruk og karakterbygging, både i gruppe og enkeltvis. Kursdeltakarane får tilsendt nokre monologar dei kan velge mellom før dei kjem til kurset. Det er ein fordel å kunne teksten så godt som utenat før kursstart.

27/05/2024

Er du glad i å spele eller synge folkemusikk? Likar du å utforske folkemusikk, og hente inspirasjon frå heile kloden? Då er dette kurset for deg!

Gard Nergård held både kortkurs og langkurs, så her kan ein kombinere fleire interesser.

Tag nokon som er rå på musikk 🪗🎷🎻🥁🎸🪘🪇🪕

25/05/2024

Er dette langkurset for deg under sommarleir?

Her vil du lære det meste ein treng for å danse halling! Hallingkurset tek for seg takt og rytme, steg og stegvariasjonar, ulike sviveturar, vanlege og kanskje meir «uvanlege» turar, karstykkje og overgangar samt kroppsføring; og sjølvsagt, rundkastet.

Her får ein lære av ein verkeleg røynd kar! Meld deg på!

22/05/2024

Bli med på eit kreativt kurs der du får designe og sy eigne produkt av gjenbruksmaterialer!

Dette er eit av fleire kurs du kan melde deg på på sommarleiren. Følg med og meld deg på, eller meld deg på og følg med på kva kurs som blir!

19/05/2024

☀️Nordisk sommerleir 2024, langkurs og kortkurs:

Audun er ein aktiv folkedansar frå Oslo, med lang instruksjonserfaring som strekk seg gjennom Noreg, Skandinavia, Europa og USA. Han har jobba spesielt med unge dansarar, og deira jakt på sin eigen plass i tradisjonsdansen.

På Langkurset BLI EIN BETRE DANSAR skal du få arbeide med øvingar og dukleiker som gjer deg til ein betre dansar. Kurset er unge, men røynde dansarar, og målet er å gje deg verktøy som gjer deg istand til å bli trykk til å leike med dansen. Kurset vil innehalde turdans, runddans og bygdedans.

Kortkurs i SØRLANDSSPRINGAR: denne dansen er ein konstruert dans
med turar og tak ein finn i danser frå mellom anna Agder. Dansen er livlig og har rom for eiget uttrykk.

Påmeldingsfristen til Nordisk sommarleir er 1.juni. 🙂

Photos from Noregs Ungdomslag's post 18/05/2024

Vi håpar de hadde ein flott 17.mai!

Dersom du vaskar skjorta di før du pakkar ho bort for denne gong, så slepp du å gjere det neste år. Hugs å oppbevare bunaden din riktig. Dette kan du lese meir om på www.sjekkbunaden.no

17/05/2024

Frå alle oss i Noregs ungdomslag: Ha ein riktig god 17.mai! Både med og utan bunad! 😃🇳🇴☀️

Vil du plassere din bedrift på toppen av Frivillig Organisasjon-listen i Oslo?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Levande lokalkultur

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmar i 350 lag over heile landet. Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

På bygdene møter du det typiske ”laget i bygda” som er involvert i det meste som skjer i lokalsamfunnet, du finn dei små laga med få medlemer og ganske liten aktivitet, du finn ungdomslag med brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år, og du møter lag som har spesialisert seg på ein type aktivitet – folkedanslag, teaterlag og barnelag. I byane møter du ofte større lag, bondeungdomslaga (BUL), med særlag innanfor t.d. teater, bunad, musikk eller folkedans.

Kva er så fellestrekka mellom alle ungdomslaga? Alle laga jobbar med å skape betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Kven som helst kan bli med i eit ungdomslag, ung som gamal. I ungdomslaga er det stort mangfald og ingen krav om å halde på med ein spesiell type aktivitet. Ungdomslaga skal vere frilynde – altså opne og inkluderande. Ungdomslaga er òg tradisjonsberarar og demokratisk oppbygde.

Lyst til å lære deg å danse folkedans? Sjekk ut nettstaden vår www.folkepedia.no! Der finn du opplæringsfilmar frå heile landet.

Videoer (vis alle)

Siste festivaldag på @nordlek2024 med tradisjonelt Setesdalsbryllaup gjennom heile Arendal ☀️🎉 #nordlek #nordlek2024 #un...
Mykje dans, leik og kjekke folk dei fyrste dagane på nordisk sommarleir i Arendal 😍💃🏼 #ungdomslag #nordlek2024 #nordisks...
Det nærmar seg helg, og det er vill dansefeber i hovudstaden!Har du ein ledig ettermiddag eller kveld denne helga? Då vi...
På torsdag opnar påmeldinga til neste runde med Kven Veit?. Det deltakarane skal få fordjupe seg i denne runda er Eurovi...
Ei aldri så lita påminning om kor kjekt det er å vere med på Sommarleiren til Noregs Ungdomslag! 💫 I år blir leiren på T...
Heidersmedlem: Tor Stallvik
Webinar: kva skal vi danse?
Kåseri: Bunadhistorie med Mette Vårdal
#trenålanu
Folkepedia: Vil ikkje du
Hekleløp 2019
Småleik 21.-23.juni 2019

Telefon

Adresse


Øvre Slottsgate 2B
Oslo
0157

Åpningstider

Mandag 09:30 - 15:00
Tirsdag 09:30 - 15:00
Onsdag 09:30 - 15:00
Torsdag 09:30 - 15:00
Fredag 09:30 - 15:00

Andre Frivillig organisasjoner i Oslo (vis alle)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
Kolstadgata 1
Oslo, 0652

LNU er ein paraplyorganisasjon for 102 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, med til sammen 450.000

CARE CARE
Prinsens Gate 18
Oslo, 0152

CARE Norge kjemper for fattige kvinners rettigheter og for at alle skal leve et verdig liv. Les mer

Liv laga Liv laga
Rognerudveien 18 D
Oslo, 0681

Organisasjon for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg

YFU Norge YFU Norge
Bogstadveien 27B
Oslo, 0355

Youth For Understanding (YFU) er en frivillig, ideell, non-profit utvekslingsorganisasjon. Vi gir un

Oslo Open Oslo Open
Rådhusgaten 19
Oslo, 0158

Neste Oslo Open er 26. og 27. april 2025. Besøk byens kunstnere på atelieret!

Kalbakkenspeiderne Kalbakkenspeiderne
Gårdsveien 1
Oslo, 0952

Kalbakkenspeiderne er en speidergruppe på Kalbakken!!! i Oslo. Gruppa ble stiftet 22. februar i 1955. Gruppa holder til i hovedhuset på Nordtvet Gård og har møter hver torsdag fra...

Psoriasis- og eksemforbundet Norge Psoriasis- og eksemforbundet Norge
Borgenveien 66 Oslo
Oslo, 0373

Psoriasis- og eksemforbundet er en organisasjon for personer med psoriasis, atopisk eksem, hidradenitis suppurativa (HS), kronisk urtikaria og psoriasisartritt.

Skeive Dager Skeive Dager
Tollbugata 24
Oslo, 0157

Skeive dager har skiftet navn til Oslo Pride. Følg nye Oslo Pride på www.facebook.com/OsloPride

Autismeforeningen i Norge Autismeforeningen i Norge
Wergelandsveien 1/3
Oslo, 0167

Åpningstider: 0900-1500 (man-fred). Tlf. 23054570 Veiledningstlf. 23054572 -man, ons, tors 1000-1400

NMCU Norsk Motorcykkel Union NMCU Norsk Motorcykkel Union
Sognsveien 75 E
Oslo, 0855

Postadresse: Postboks 11, Sognsveien 77C, 0855 Oslo

Menneskerettighetsakademiet Menneskerettighetsakademiet
Kolstadgata 1
Oslo, 0652

Menneskerettighetsakademiet er en ideell stiftelse som driver opplæring i menneskerettigheter, demokratisk medborgerskap, interkulturell forståelse og nærliggende emner, i Norge og...

BISO Oslo BISO Oslo
Nydalsveien 37
Oslo, 0484

BISO Oslo is the student organisation at BI Norwegian Business School in Oslo, run by and for students. We are here to make sure that our students have an unforgettable study perio...